Magellansundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Magellanstredet)
Magellansundet
sund
Land  Chile
Kart
Magellansundet
54°S 71°W / 54°S 71°W / -54; -71
Wikimedia Commons: Strait of Magellan

Magellansundet er eit sund i Chile, nær sørspissen av Sør-Amerika. Det skil det søramerikanske fastlandet frå øygruppa Eldlandet. Sundet er oppkalla etter sjøfararen Ferdinand Magellan.

Sundet er ein viktig naturleg passasje mellom Stillehavet og Atlanterhavet. Sidan sundet fleire stader er ganske trongt og har mange grunner, samstundes som det ofte er dårleg sikt og mykje vind, er sundet rekna som heller vanskeleg å navigere gjennom.

Fram til Panamakanalen vart opna i 1914 var Magellansundet ofte sikraste leia for ein seglas mellom Atlanteren og Stillehavet. Passasjen var tryggare enn Drakesundet, havstykket mellom Kapp Horn og Antarktis. Drakesundet er mykje utsett for kraftige vindar, grov sjø og ein er ikkje trygg for isfjell. Dampskipa gjekk vanlegvis gjennom Magellansundet, dei mindre manøvreringsdyktige seglskutene valde derimot ofte Drakesundet.

Ferdinand Magellan sigla som den første gjennom sundet i 1520, under den aller første verdsomseglinga. Magellan sigla inn i sundet den 1. november, og kalla det «Estreito de Todos los Santos» (Allehelgenssundet), etter den katolske liturgiske festdagen det skjedde på.

Den 23. mai 1843 tok Chile sundet til eige.

På nordkysten av sundet ligg byen Punta Arenas, den sørlegste byen på det søramerikanske kontinentet.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]