Magelungen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magelungen
Magelungen - Magelungen sett mot vest
Magelungen sett mot vest
Vassdrag Tyresån-vassdraget
Tilsig Norrån (fra Ågestasjön), Kräppladiket og Magelungsdiket
Utsig Forsån (til Drevviken)
Største lengde 5,6 km
Største breidde 1,5 km
Overflateareal 2,37 km²
Middeldjupne 13,4 m
Vassvolum 12,3 millionar m³
Kystlengd1 21 km
Høgd over havet 19,8 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Eit svanereir i Magelungen 2007.
Brøyting av skeisebane vinteren 2011.

Magelungen er ein innsjø på grensa mellom kommunane Stockholm og Huddinge i landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen inngår i Tyresån-vassdraget. Det er fleire badeplassar rundt innsjøen, mellom anna Farsta strandbad og ved Ågesta golfklubb. Magelungen har problem med algevekst, som blir skulda forurenset vatn frå Trehörningen i Huddinge, som ligg oppstraums.

Frå Fagersjö til Farsta er det ein strandpromenade, og sidan 2007 ein 3,5 km lang natursti som går rundt Farstanäset. På vinteren blir det brøytt ein skeisebane på isen ved Farsta gard når vêrtilhøva tillèt det.

Ågestabron, som vart opna for trafikk i 1971, går over innsjøen. Aust for brua ligg Magelungens robane. Banen er 2000 meter lang, og vart opna i samband med svensk nasjonalt juniormeisterskap i 1969. Påfølgjande år vart Farstarodden halde første gongen.[1]

Elva og miljøet[endre | endre wikiteksten]

Nedbørområdet rundt Magelungen er på 1907 hektar,[2] og det meste av vasstilførselen kjem med Norrån, som tek imot vatn frå Orlången, Trehörningen og Ågestasjön. Tre mindre elvar går til innsjøen, Magelungsdiket og Kräppladiket i nordvest, og Djupån i søraust. Utløpa til innsjøen går via Forsån til Drevviken. Eit nytt elveleie for Forsån vart sprengt i 1860, og ein senking av vassnivået i innsjøen vart gjennomført 1872-78.

Den vestlege delen av Magelungen er i ferd med å gro igjen, noko som delvis skuldast at vasstilførselen frå Magelungsdiket er liten i tilhøve til det han var på 1930-talet, då utbygginga av forstadsbusetnaden som førde til igjenfylling av elveleiet heilt ned til Snösätra, vart starta.

Fram til byrjinga av 1970-talet vart dårleg reinsa avløpsvatn sloppe ut i Trehörningen. Forureininga vart med til Magelungen via Ågestasjön og Norrån, og fosfornivået i Magelungen var særs høgt. Sidan den gongen har verdiane av fosfor falle kraftig, mengda planktonalgar har vorte tydeleg mindre, og siktdjupna har auka. Næringsinnhaldet i innsjøen er likevel enno høgt, og blågrøne algar er vanlege på sommaren. Mot slutten av sommaren kan oksygenmangel finst i botnvatnet i den djupare, søraustlege delen av innsjøen. Verdiane av metall, PAH og PCB er låge til moderate i heile Magelungen.

Magelungen har eit rikt plante- og dyreliv. Fiskebestanden er stor og artsrik. Det har vorte gjort utsetting av signalkreps, gjørs og karpe.

Vegetasjon i innsjøen[endre | endre wikiteksten]

Det er rikeleg med vegetasjon i Fagersjöviken, som er den grunne nordvestlege delen av innsjøen. Den vanlegaste veksten her er Akstusenblad, som på sommaren dekker praktisk talt heile bukta og gjer det vanskeleg å ta seg fram med båt. Næringsinnhaldet i innsjøen er omtrent like høgt her som for resten av innsjøen. Oksygenverdiane er høge vår og sommar, og er relativt høge òg om vinteren.

Bruer over Magelungen[endre | endre wikiteksten]

Over Magelungen går det i dag to bruer: Ågestabron for normal trafikk og Farstanäsbron som berre er for gang- og sykkeltrafikk.

Farstanäsbron[endre | endre wikiteksten]

Den første Farstanäsbron vart bygd i 1914 som ein del av Stockholms grense- og kystforsvar, og går difor på folkemunne under namnet Militärbron. Denne var berre for motorkjøretøy. På 1950-talet var denne brua i så dårleg stand at forsvaret bygde ei ny. I 1998 var bru nummer to i så dårleg stand at det vart bygd ei bru her for tredje gongen, men denne gongen var brua finansiert av Stockholm by.

Ågestabron[endre | endre wikiteksten]

Den noverande Ågestabroen vart opna for trafikk 1971. Tidlegare hadde det vore ei smal trebru på same stad, og før det igjen ein flytebru. Namnet stammar frå garden Ågesta. Brua er ein betongkonstruksjon som kviler på seks pålar og har ei lengd på 200 meter. Bruspennet er utført som ein drager i armert betong.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Magelungens roddbana
  2. Informasjonstavle på staden

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Magelungen

Koordinatar: 59°13′41″N 18°6′17″E