Magh Tuireadh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Magh Tuireadh (uttalast Moytura), er namnet på staden for to mytiske slag i keltisk mytologi. Namnet tyder Pålesletta. Tradisjonen legg staden til Connacht, vest i Irland. Det er omstridt om han i røynda ligg nær Galway eller Sligo.

Første slaget ved Magh Tuireadh[endre | endre wikiteksten]

Tuatha dé Danann først kom til Irland, førde kong Nuada dei i eit slag mot Firbolc, dei opphavlege innbyggjarane på øya, og kongen deira, Eochaid mac Eirc. I dette slaget mista Nuada armen sin.

Andre slaget ved Mach Tuireadh[endre | endre wikiteksten]

Det andre slaget er rekna som det viktigaste, av di Tuatha dé her slost mot fomorane, ei slekt av keltiske risar, eller Titanar. Soga om dette slaget er skrive ned på 1000-talet.

Etter det første slaget laut Nuada få skaffa seg ei sølvhand, men vart rekna som uskikka til å leie Tuatha dé i slag. Halvfomoren Bres som vart gift med Brigit tok over makta, men vart avsett. Difor leita han opp fomorane og kongen deira, Balor, for å vinne over Dana-folket. I rådløysa som følgde, dukka Lugh Lamhfada opp, og synte seg som den nye leiaren for Dana-folket. Nuada gav trona frå seg til Lugh, og dei planla slag dei neste sju åra. Dei tre handverkarane i Danafolket smidde våpen i denne tida. Dagda gjorde óg ei avtale med Morrigan for å vinne på fomorane i kampen. Kjelda Slane vart signa slik at dei såra kunne lækjast der. Dette vart gjort av Dian Cecht og dottera hans.

Smiekunsta til Goibniu sytte for at ingen av våpna til Tuatha dé vart brotne utan at dei voks saman att, og Ruadan, sonen til Brigit og Bres vart send for å drepa Goibniu. Goibniu vart såra, men drap Ruadan med hans eige spjut, som han sjølv hadde smidd, og vart lækt i kjelda Slane.

I slaget vart Nuada og Macha, dotter av Emmas, drepne av Balor. Lugh møtte Balor og venta på at det drepande auget hans skulle opne seg. Då dette hende, sende han ein slyngestein i auget på han så han fall. Dette fekk fomorane til å misse motet.

Lugh fann Bres einsam på slagmarka, og Bres bad om å få leva. Han lova å syte for at kyrne i Irland aldri gjekk tomme for mjølk, men Tuatha dé meinte dei greidde seg. Då lova Bres å signe avlinga for eit år, men danafolket meinte dei greidde seg. Lugh lét Bres leva om han lærde bort kunsta å pløye, så og hauste.