Sanghadagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Maghapuja)
Feiring av maghapuja i Thailand.
Foto: Tevaprapas Makklay

Sanghadagen eller maghapuja er ei buddhistisk høgtid til ære for det buddhistiske samfunnet, og til minne om fire lukkelege samantreff som fann stad på same dag, ni månader etter oppvakninga til Buddha.

Feiringa er særleg viktig for theravadabuddhistar i Kambodsja, Laos og Thailand, i dei to sistnemnde er han offentleg høgtidsdag. Her blir sanghadagen feira ved fullmåne i månaden magha, som regel i februar eller byrjinga av mars etter den vestlege kalenderen. Den austlege sanghadagen i 2009 var den 9. februar. Vestlege buddhistar feirar derimot høgtida i november.

Sanghadagen blir feira til minne om den spontane samlinga av disiplar hjå Buddha.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Folk samler seg med levande lys i Wat Khung Taphao nord i Thailand.
Foto: Tevaprapas Makklay

Dei fire tinga som hende på den opphavlege sanghadagen var at 1 250 opplyste disiplar møttest hjå Buddha, at dei alle var blitt ordinert av Buddha sjølv, at dei møttest utan nokon avtale på førehand, og at møtet fann stad ved fullmåne. Sanghadagen er ein av uposatha-dagane, sabbatliknande markeringar særskilt vigde til å følgja dei buddhistiske dhamma-prinsippa.

«Sangha» er eit ord som viser til buddhistfellesskapen, anten alle buddhistar eller berre munkar og nonner. På den første sanghadagen i Rajagaha heldt Buddha preika kalla Patimokkha, som gav munkane dei grunnleggjande reglane for korleis dei skulle leva og undervisa om buddhismen.

Feiring[endre | endre wikiteksten]

Det finst ulike måtar å feira dagen på. Det er vanleg å halda seremoniar om dagen, medan ein går i opptog med levande lys rundt tempel om kvelden. Ein kan også gje gåver.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sanghadagen
Spire Denne buddhismeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.