Magmatisk bergart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein vulkan der magma strøymer opp til jordoverflata, vert avkjølt og vert til magmatiske bergartar. Dei sedimentære bergartane i jordplata vert løyste opp og smelta saman med magmaen. Bergartar «døyr» og vert «fødde».
Gabbro

Ein magmatisk bergart (også kalla eruptiv bergart, størkningsbergart eller vulkansk bergart) er ein bergart som er danna ved at magma har trengt seg fram frå det indre av jorda og vorte avkjølt, slik at den flytande magmaen har størkna til fast form (fjell). Det er tre typar magmatiske bergartar: djupbergartar, dagbergartar og gangbergartar.

Djupbergartar[endre | endre wikiteksten]

Hjå djupbergartane har magmaen størknet nede i djupet (det indre av jorda) under høg temperatur og stort trykk. Avkjølinga har skjedd seint og over lang tid, og difor ligg krystalla i det same mønsteret (krystallstrukturen), og dei har om lag same storleik. Krystallstrukturen er også velutvikla av same grunn, og kløyven er som regel god i alle retningar.

Djupbergartane vert klassifiserte med Streckeissen-systemet, i desse hovudkategoriane:

Dagbergartar[endre | endre wikiteksten]

Hjå dagbergartene har magmaen størkna oppe på jordoverflata. Temperaturen har raskt vorte lågare, og trykket har vore lågt i høve til det trykket djupbergartane er utsette for. Avkjølinga har skjedd raskt og over svært kort tid. Bergarten har ikkje hatt tid på seg til å utvikle særlege krystall, og difor ligg krystalla sjeldan i eit organisert mønster (krystallstruktur), dei har ofte ulik storleik og er ofte små. Kløyven er ikkje lik i alle retningar. Bergarten er eit raskt resultat av vulkansk aktivitet.

Under ein erupsjon av lava kjem det også gass og væske, og ofte reagerer lavaen med dei bergartane som han pressar seg gjennom før han sprutar opp i lufta eller vatnet over seg. Difor har dagbergartane lokale namn eller namn som viser til strukturen eller samansetnaden til bergarten.

Dei vanlegaste dagbergartane:

Gangbergartar[endre | endre wikiteksten]

Hjå gangbergartane har magmaen størkna i gangane der han har vorte pressa opp til jordoverflata. Det vil seie at når den vulkanske aktiviteten har stoppa opp, er ein gangbergart den bergarten som vert danna av den magmaen som vert ståande att i vulkanen sitt røyr opp til jordoverflata. Temperaturen har nokså raskt vorte lågare under danninga, og trykket var relativt lågt i høve til det djupbergartane er utsette for. Avkjølinga har skjedd forholdsvis raskt. Bergarten har ikkje hatt tid på seg til å utvikle store krystall, og difor ligg krystalla sjeldan i eit organisert mønster (krystallstruktur), dei har ofte ulik storleik og er ofte små. Ein kan kalle bergarten eit raskt resultat av vulkansk aktivitet.

Dei vanlegaste gangbergartane i Noreg er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]