Magne Furuholmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magne Furuholmen
Magne Furuholmen.jpg
Magne Furuholmen opptrer i 2006.
Sjanger Pop
Aktive år 1981 -
Nettstad www.magnef.org

Magne Furuholmen (fødd 1. november 1962) også kjend som Mags, er ein norsk musikar og kunstnar frå Oslo.

Karrierestart[endre | endre wikiteksten]

Barndomsvenene Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy spelte saman i bandet Bridges tidleg på åttitalet, og gav ut plata Fakkeltog i 1981, men vart oppløyst seinare same året. Etter eit Englandsopphald for å knyta kontaktar, tok dei kontakt med Morten Harket, som den gongen song i gruppa Soldier Blue. Etter kvart fekk trioen eigen manager, og reiste til England på nytt for å spela inn debutplata Hunting High and Low. Dette vart byrjinga til A-ha, der Magne Furuholmen spelte keyboard, Waaktaar-Savoy spelte gitar og Harket var vokalist.

Furuholmen har hatt stor suksess med A-ha, og har vunne fleire Spellemannprisar med gruppa. Under Spellemannprisen 1985 vart dei til og med kåra til Årets spellemann. Etter å ha gjeve ut fem studioplater og éi samleplate, tok A-ha pause rundt 1993.

Kunstnar og filmmusikar[endre | endre wikiteksten]

Parallelt med bandsuksessen studerte Furuholmen kunst med Kjell Nupen som lærar i perioden 1989 - 1993. I 1995 hadde han si fyrste utstilling, KuttHenie Onstad Kunstsenter, og det har vorte fleire med åra. Ein av desse er Payne's Gray, som han hadde i 2004, også på Henie Onstad i Høvikodden. [1]

Som musikar starta Furuholmen eit samarbeid med komponisten Kjetil Bjerkestrand. Dei tok artistnamnet Timbersound og har spesialisert seg på filmmusikk. Saman har dei laga filmmusikken til Ti kniver i hjertet frå 1994, Hotel Oslo frå 1997, 1732 Høtten frå 1999 og Øyenstikker frå 2001. For Hotel Oslo fekk dei Edvard-prisen i klassen Musikk til annan kunstart i 1998.

Gjenforeining av A-ha[endre | endre wikiteksten]

Rundt år 2000 kom A-ha saman igjen etter sju år utan å ha gitt ut plater. Dette vart ei svært vellukka gjenforeining som resulterte i tre nye album, fleire singlar, turnéar og einskildkonsertar. Den siste turnéen til A-ha vart avslutta med ein konsert i Oslo i desember 2010. Under Spellemannprisen 2010 var det Furuholmen og Morten Harket som tok imot Spellemannskomitéens heiderspris på vegne av gruppa.

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

På totusentalet har Furuholmen sjølv gjeve ut to soloalbum. På Past, Perfect, Future Tense frå 2004 samarbeider han med dei britiske banda Coldplay og Travis, og songane kan direkte knytast til kunst av Furuholmen. [2] A Dot of Black in the Blue of Your Bliss frå 2008 er innspelt i Sør-Frankrike saman med norske musikarar. [3]

Anna[endre | endre wikiteksten]

I 2011 har Magne Furuholmen gått inn i styret til klesmerket Moods of Norway. [4]

Magne Furuholmen er gift og har to søner.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]