Magne Myhren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magne Myhren

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. desember 1937
Hol kommune
Død

23. juni 2015 (77 år)

Yrke filolog, felespelar, lingvist, fiolinist, folklorist, universitetslærar
Språk norsk
Ektefelle Dagne Groven Myhren

Magne Myhren (3. desember 193723. juni 2015) var ein norsk spelemann, målmann og språkforskar frå Hol kommune i Hallingdal. [1] Han var i mange år tilknytt Leksikografisk institutt ved Universitetet i Oslo, og vart rekna som ein førande kapasitet på Ivar Aasen. Han var òg ei viktig kjelde for hallingspel, og ein fagleg kapasitet på hardingfeletradisjonen i det heile.

Magne Myhren vart fødd på garden Myren i Skurdalen. Han lærte slåttespel av Sevat Sataøen og Jørgen Husemoen, og gjekk seinare på Voss landsgymnas. Her kom han i kontakt med Halldor Meland og Anders S. Kjerland. Frå 1960 studerte ved Universitetet i Oslo. I Oslo vart han knytt til lagsarbeidet i Bygdelagssamskipnaden, og spela mykje i lag med Kjetil Løndal. Desse var gode vener så lenge Løndal levde. Han vart gift med dotter av Eivind Groven, Dagne Groven Myhren.

Gjennom nært samarbeid med Eivind Groven vart han godt kjend med utviklinga av hardingfeleverket, som han og har skrive fleire artiklar om. Han har halde foredrag om slåttetradisjonen i Hallingdal, tradisjonen i Telemark, og om ymse spelemenn. Han har laga ei rekke program for folkemusikkhalvtimen i NRK. Han har ei rekkje gode plasseringar på landskappleiken å vise til, men var meir verksam som foredragshaldar og innleiar i seinare tid.

Som norrønfilolog har Myhren omsett Sonatorrek på nytt, og har i tillegg arbeidd med Nynorsk Ordbok.

Han er far til kvedaren Øyonn Groven Myhren og filolog og spelemann Eilev Groven Myhren.

  1. https://www.aftenposten.no/personalia/i/5l3b/nekrolog-magne-myhren