Magne Thomassen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magne Thomassen (fødd 1. mai 1941) er ein tidlegare norsk skøyteløpar. Han deltok i internasjonale meisterskap eit heilt tiår, frå 1962 til 1972.
Etter å ha sett verdsrekord på 1500 meter med tida 2.02,5 5. februar 1968, trona Magne Thomassen øvst på adelskalendaren i skøyter. Der vart han berre verande i to dagar, før Kees Verkerk tok igjen førsteplassen.
Thomassen blei norsk meister på skøyter i 1968. Han blei óg den første noregsmeisteren i sprint gjennom historia, då han vann i 1970. Året etter tok Thommasen nok ein tittel. Han representerte Trondheim Skøyteklubb.