Magnesium
Magnesium er eit grunnstoff med atomnummer 12 og kjemisk symbol Mg. Det er eit jordalkalimetall.
Innhaldsliste |
Særlege kjenneteikn [endre]
Brannar i magnesium er vanskelege å slukka da metallet brenn både i nitrogen og karbondioksid. Magnesium brenn med ein klar, kvit flamme.
Bruk [endre]
Magnesium vert brukt som reduksjonsmiddel i produksjon av uran og andre metall frå salta deira.
Hydroksid, klorid, sulfat og sitrat av magnesium vert brukt i medisin.
Metallet vert brukt i legeringar.
Historie [endre]
Magnesium vart oppdaga av Sir Humphrey Davy i 1755.
Biologisk rolle [endre]
Magnesium er viktig for plantar og dyr. Nokre enzym er avhengige av magnesium for å verka rett.
Klorofyll inneheld magnesium.
Førekomst [endre]
Magnesium er det åttande vanlegaste grunnstoffet på jorda, men finst ikkje i fri form i naturen. Mange mineral inneheld magnesium. Dolomitt og magnesitt er to av desse.
Kjemi [endre]
I sambindingar har magnesium oksidasjonstrinn +2.
Magnesiumklorid (
) og Magnesiumoksid (MgO) er vanlege magnesiumsambindingar.
Isotopar [endre]
Tryggleik [endre]
Magnesium reagerer eksotermt med luft og vatn.