Magnetisk moment

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Magnetisk moment eller elektromagnetisk moment er eit mål for magnetismen til ein lekam eller det magnetfeltet ein straumførande leiar omgjev seg med. Opphavleg vart magnetisk moment brukt som nemning på produktet av ein polstyrken til ein magnet og avstanden mellom polane (magnetisk dipolmoment). Sidan det til no ikkje har vore mogleg å påvise enkle magnetiske polar, og all magnetisme synst å kunne førast tilbake til elektriske ladningar i rørsle, definerast det magnetiske momentet som tilhøvet mellom mekanisk dreiemoment på grunn av eit magnetfelt og storleiken av flukstettleiken i magnetfeltet, eller for ei plan straumsløyfe som produktet av straumen i sløyfa og arealet som straumsløyfa omsluttar.

Det magnetiske momentet til atom og atomkjernar kan delvis forklarast ut frå rørsla til elektrona og protona, men ein må dessutan rekne med at elektrona og protona har sitt eige magnetiske moment på same måte som dei har ein eigenrotasjon, eit spinn. Magnetisk moment blir rekna som ein karakteristisk, fundamental eigenskap ved dei fleste elementærpartiklane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]