Magnetokalorisk effekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Magnetokalorisk effekt er eit temperaturfall som oppstår når eit paramagnetisk stoff blir avmagnetisert adiabatisk, det vil sei utan tilføring av varme. Effekten kjem av at det blir strålt ut energi når stoffet vert magnetiserast, idet atoma innstiller seg i sin lågaste energitilstand i magnetfeltet. Når magnetfeltet blir oppheva, er atoma ikkje lengjer bundne til ein avgjort retning. Den termiske energien deira fordeler seg på fleire fridomsgrader, og sidan det er energi per fridomsgrad som avgjer temperaturen, vil denne falle. Effekten aukar ved minkande temperatur, og blir brukt for avkjøling nær det absolutte nullpunktet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]