Magneton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Magneton er ein fysisk konstant for magnetisk moment. Éit magneton, μ, er

der e er den elektriske elementærladninga, h er Planckkonstanten og m er massen av ein partikkel, vanlegvis anten eit elektron, svarande til eininga bohrmagneton, eller proton, svarande til kjernemagneton.

Bohrmagneton blir brukt for å angje det magnetiske momentet til eit atom, og kjernemagneton for å angje det magnetiske momentet til atomkjernar. Eit bohrmagneton er 9,27 ·10-24 ampere ·m² og eit kjernemagneton er 5,05 ·10-27 ampere ·m². Det magnetiske momentet til elektronet er særs nær -1 bohrmagneton, protonet sitt er ca 2,8 og nøytronet sitt ca -1,9 kjernemagneton.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]