Magnhild Bruheim
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Magnhild Bruheim | |
| Nasjonalitet | Norsk |
| Fødd | 17. september 1951 (61 år)[1], Skjåk |
| Yrke | Forfattar, journalist |
| Periode | 1997- |
| Debut | Varselet |
| Nettstad | magnhildbruheim.no |
Magnhild Bruheim (fødd 17. september 1951), fødd og oppvaksen i Skjåk og busett på Lillehammer, er ein norsk skjøn- og faglitterær forfattar og frilansjournalist. Ho debuterte som forfattar i 1997, og har tidlegare vore radio- og TV-journalist i NRK Oppland. Fleire av bøkene hennar er omsett til tysk.
Bruheim har mellom anna skrive kriminalromanar som vert lagt til eit bygdemiljø i perioden frå 1960 til 2000, og vert rekna som ein av dei fremste representantane for sjangeren «bygdekrim». Ho har òg skrive romanar for ungdom, ein oppvekstroman, ein historisk roman, ei matbok og ei bok om gamle slagerar.
Bøker [endre]
| År | Tittel | Merknad |
|---|---|---|
| 2011 | Blod på hendene | roman |
| 2010 | Det som ein gong var | roman |
| 2010 | På flukt | ungdomsroman |
| 2008 | Nattskrik | kriminalroman |
| 2007 | Venneringen | ungdomsroman |
| 2005 | Trolldomskraft | roman |
| 2004 | Matminne frå Gudbrandsdalen | sakprosa (medf.) |
| 2003 | Ny melding | ungdomsroman |
| 2002 | Dragsug | kriminalroman |
| 2001 | Svart arv | kriminalroman |
| 2000 | Lykkeland: Minne frå slagerbøkene | sakprosa (medf.) |
| 2000 | Utan englevakt | kriminalroman |
| 1999 | Maskerade | kriminalroman |
| 1997 | Varselet | kriminalroman |
Referansar [endre]
- ↑ «Magnhild Bruheim». forfatterkatalogen.no. Vitja 16. Februar 2012.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Magnhild Bruheims eiga forfattarside på internett
- Digitaliserte bøker av Magnhild Bruheim i bokhylla.no (Nasjonalbiblioteket)