Magnus IV av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Magnus vert skamfaren.»
Teikna av Eilif Peterssen til Heimskringla.

Magnus IV eller Magnus Sigurdsson den blinde levde om lag i tidsrommet frå 1115 til 1139. Magnus den blinde var son av kong Sigurd I Magnusson Jorsalfare. Magnus den blinde var konge av Noreg i tidsrommet frå 1130 til 1135. Harald IV Magnusson Gille var konge samstundes. Harald Gille lét Magnus IV verta teken til fange. I fangenskap vart Magnus IV kastrert og blinda.

I borgarkrigstida i Noreg var det fleire stridar mellom ulike kongsemne. Byrjinga på borgarkrigstida går attende til då Sigurd Jorsalfare døydde i 1130. Makta vart delt mellom tre søner som heldt kvar si hird. Nye kongsemne, som hevda å vera kongssøner, kom og gjorde krav på kongsnamn. Etter kvart utvikla stridane seg til open strid mellom ulike flokkar.

Magnus IV vart igjen konge i tida frå 1137 til 1139, men då samstundes med Sigurd Slembe og Sigurd II Munn.