Magnus I av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mynt med Magnus I.

Magnus I, Magnus den gode eller Magnus Olavsson var konge av Noreg i tidsrommet 1035-1047. Magnus I var fødd i 1024 og døydde 25. oktober 1047. Magnus den gode skal ha døydd i samband med ei rideulukke. I tidsrommet frå 1042 til 1047 var Magnus den Gode konge i Danmark. I 1043 sigra Magnus over vendarane i slaget på Lyrskov Hede. Om lag 15.000 vendarar skal ha mista livet i dette slaget. Sigeren i slaget skal ha sikra han tilnamnet «gode».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Magnus var frilleson åt kong Olav den heilage. Han var den fyrste norske kongen med namnet Magnus. Historia bak dette er mogleg oppdikta, men ifylgje Snorre Sturlason vart han fødd om natta medan kongen sov. Sidan dei ikkje torde vekkja kongen sjølv om dei frykta at guten ville døy føre morgonen, avgjorde Sigvat skald at han skulle heita Magnus etter Karla-Magnus, det vil seie Karl den store.

Magnus den gode og Åsmund Granskjellsson. Teikning av Halfdan Egedius

Liv[endre | endre wikiteksten]

Lille Magnus vart henta åt Noreg av Kalv Arneson som hadde kjempa mot Olav den heilage i slaget på Stiklestad. På grunn av misnøye med det danske styret vart han raskt teken til konge. I laupet av nokre år hadde han hemna seg på dei stormennene som hadde kjempa mot far hans, til dømes Kalv Arneson og Einar Tambarskjelve. I 1046 kom Harald Sigurdsson Hardråde, Olav den heilage sin halvbror, attende frå teneste hjå keisaren i Miklagard (Bysants) med stor rikdom. Dei vart samde om å dela desse rikdomane og kongemakta. Året etter døydde Magnus.

Soga om Magnus den gode er ein del av Heimskringla, norske kongesoger nedskrivne av Snorre Sturlason.