Magnus Lagabøtes bylov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Magnus Lagabøtes bylov er eit sett med lover, ein bylov. Lovene vart gjort gjeldande for Bergen frå 1276 av kong Magnus VI Lagabøte. Det kom òg tilsvarande av bylovar for Oslo, Trondheim og Tønsberg utan at ein veit årstalet for vedtaket. Bylova tok utgangspunkt i Magnus Lagabøtes landslov vedteken i 1274 og Bjarkøyretten – den gamle byloven i Norden som kom på plass utover 1100-talet.

Magnus Lagabøtes bylov hadde eigne reglar og forordningar som gjaldt kaupstadane jamført med landslova. Dei lovene som gjaldt landsbygda vart uteletne.

Lovene vart overlevert munnleg under streng justis. I dag finst Bylova i 25 handskrift, for det meste som utfyllande tillegg til Landslova.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]