Magnus Moan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magnus Moan

Magnus Hovdal Moan (fødd 26. august 1983) er ein norsk kombinertløpar fødd på Lillehammer. Han vann OL-gull med Noreg i lagøvinga under vinter-OL 2014 i Sotsji, tidlegare i leikane tok han ein sølvmedalje i ei individuell tevling. Perioden januar 2004 til desember 2013 vann han 22 verdscuprenn. Moan representerer Byåsen IL i Trondheim.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Han deltok med suksess i VM 2005 i Oberstdorf. Han gjekk for det norske laget som vann lagkonkurransen, fekk sølv i sprintkonkurransen og kom på fjerdeplass i det klassiske rennet (hopprenn + 15 kilometer).

Under OL 2006 i Torino tok han sølv på sprinten og bronse på normaldistansen etter å ha slått Petter Tande i eit spennande spurtoppgjer som vart avgjort på målfoto.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]