Mahabharata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei illustrert side i Mahabarta som skildrar slaget ved Kurukshetra.

Mahabharata (sanskrit महाभारत, IAST mahābhārata) er eit indisk epossanskrit, eitt av dei to hovudverka innan hinduismen, der Ramayana er det andre. Verket har over 74 000 vers (90 000 om ein reknar med Harivamsa) og prosadelar, til saman rundt 1,8 millionar ord, og er eitt av verdas lengste epos.

Tradisjonen seier Mahabharata blei skrive av vismannen Vyasa (300-talet f.Kr.). Det ueinsarta innhaldet tyder likevel på at verket er sett saman av eldre tekststykke, mellom anna gamle heltedikt og brahminske læreskrifter. Den endelege utforminga fekk verket først rundt 400 e.Kr.

Mahabharata betyr 'den store Bharata' og viser til kongeriket Bharata, der to greiner av kongefamilien (Pandava og Kaurava) slost om makta. Kampen munnar ut i ein veldig krig som blir skildra over fleire bøker. Ei av desse bøkene, filosofiske Bhagavadgita, er blitt kjend som ein av dei viktigaste skriftene i hinduismen, og gjer saman med andre heilage tekststykke at heile Mahabharata blir sett på som ein heilag tekst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mahabharata
Spire Denne hinduismeartikkelen som har med litteratur å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.