Mahakavya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mahakavya (av sanskrit mahakavyam, 'stor kavya') er ei form for sanskritdikting kjenneteikna av korte epos med forseggjorte taleformer.

Eit mahakavyaverk er sett saman av relativt korte songar (cantoar) med ulik metrikk avhengig av tema. Kvar canto inneheld mindre vers som kan stå åleine, sjølv om dei er del av eit forteljande heile. Dei kan skildra høgtider, bryllaup, spel, rådslagingar, krig, byar, måne- eller soloppgang. Typiske verk inneheld 15-30 cantoar med til saman rundt 1 500-3 000 vers.

Klassiske verk rekna som modelltekstar for mahakavya er Raghuvamsa og Kumarasambhava av Kalidasa og eitt dikt kvar av Bharavi, Magha og Sriharsa. Bhattikavya av Bhatti (ca. 500-600-talet), eit mahakavyadikt som illustrerer rett grammatikk og poetikk i sanskrit, er også av og til rekna som ein modelltekst.

Andre viktige mahakavyaverk er Buddhacarita ('Buddha sitt verk') og Saundarananda ('Om Sundari og Nanda') av Asvaghosa. På 1100-talet skreiv Sandhyakara Ramacarita ('Rama sitt verk') der han samtidig skildra gudekongen Rama og sin eigen konge, Rampala av Bengal.

Det er også skrive mahakavyaliknande verk i moderne tid, til dømes om moderne indiske heltar som Mahatma Gandhi og Jawaharlal Nehru.

Mahakavya er ei form av den større nemninga kavya. Ho er blitt likna med den greske episke kortforma epyllion.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «mahakavya», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.
  • «South Asian arts», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.