Mahiahalvøya

Koordinatar: 39°09′S 177°54′E / 39.150°S 177.900°E / -39.150; 177.900
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mahia Peninsula)
NASA-satellittbilete av Mahiahalvøya.
Mahiahalvøya på New Zealand.

Mahiahalvøya er ei halvøy på austkysten til NordøyaNew Zealand mellom byane Napier og Gisborne. Den største busetnaden er Mahia Beach.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Halvøya er 21,7 km lang og 11,3 km brei, og stig til 397 moh. på det høgaste punktet ved Rahuimokairoa.[2] Mahia var opphavleg ei øy der ein sandbanke opp gjennom tidene batt henne saman med Nordøya. Kvalar strandar ofte på grunnane som sanden byggjer opp.

Dei første kvalfangarane hadde ein fangststasjon på garden «Kini Kini» som låg i ly av Long Point på vestkysten til halvøya. Waikawa var namnet Kahungunu gav ei lita øy utanfor sørspissen til Mahia, då han kom hit for å sjå etter ferskt drikkevatn, men berre fann saltvatn. Waikawa tyder 'bittert vatn'. På Waikawa ligg ei umanna fyrlykt.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Området er ein populær badestad, og den viktigaste næringa her er turisme. Sauehald og kvegdrift er enno viktig for lokalsamfunnet. Mahia er kjend for god tilgang til surfing, dykking, fotturar, fiske og rugby. Mange turistar bur i Napier, Hastings eller Wairoa og dreg på dagsturar til Mahia.

I ei maorilegende vert det fortalt at Whatonga, som kom til New Zealand på leiting etter bestefar sin, Toi, slo seg til på Mahia. Samfunnet her er enno for ein stor del ei blanding av maoriar og europearar. Den lokale maori-iwien (stammen) er kjend som Ngāti Rongomaiwahine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. L. Harper; T. Mudd; P. Whitfield,; D. Hall (2006). The Rough Guide to New Zealand (5 utg.). New York - London - Delhi: Roughguides. s. 470. ISBN 1-84353-679-X. 
  2. Te Ara - The Encyclopedia of New Zealand: Mahia Peninsula

39°09′S 177°54′E / 39.150°S 177.900°E / -39.150; 177.900