Mahmoud Abbas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mahmoud Abbas

Mahmoud Abbas (arab. محمود عباس) (fødd 26. mars 1935) i Safad, Palestina, også kjend som Abu Mazen (ابو مازن), er ein leiande palestinsk politikar og akademikar. Han var også med på å stifte Fatah, den største fraksjonen i PLO.

Familien flykta til Syria under krigen i 19471948. Han studerte juss ved Universitet i Damaskus, og har doktorgrad i historie frå Moskva.

Abbas signerte Oslo-avtalen på vegner av PLO. Han leidde PLO si forhandlingsavdeling frå 1994 til 2003 og var den første palestinske statsministeren for dei palestinske sjølvstyresmaktene. Abbas har vore leiar for den palestinske organisasjonen PLO sidan Yassir Arafat døydde 11. november 2004.

Han blei vald som president for dei palestinske sjølvstyresmaktene ved presidentvalet i Palestina i 2005.

Namnet Abu Mazen er ein heiderstittel som uttrykkjer vørdnad i det palestinske samfunnet og viser til rolla hans som far til Mazen, eldste son hans. Det er vanleg for arabiske menn å ha slike namn.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]