Maidenhead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Maidenhead

Maidenhead ved Themsen
Maidenhead ved Themsen
Plassering
Maidenhead is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Berkshire
Distrikt Windsor and Maidenhead
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

59 621
Koordinatar 51°13′″N 0°43′″WKoordinatar: 51°13′″N 0°43′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SL6
Telefon-retningsnummer 01628
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maidenhead

Maidenhead er ein by i Berkshire i England. Han er administrasjonssenter for den sameinte styresmakta Windsor and Maidenhead. Byen ligg ved vestbreidda av Themsen. Namnet kjem frå eit verft som vart lagt ved Themsen i 1287.

Like utanfor byen ligg landsbyane Taplow, Cookhams (Cookham Village i Cookham Rise og Cookham Dean) og Holyport.

Great Western Railway går gjennom byen, og gjev via Maidenhead stasjon, gode samband til London og andre stader. Jernbanebrua vart bygt av Isambard Kingdom Brunel, og er kjent for bogane sine mura med flate teglsteinar.

Maidenhead ligg i eit område langs motorvegen M4 som blir kalla Silicon Corridor, der ei rekkje høgteknologiske føretak har etablert seg. Mange av innbyggjarane pendlar til London, Slough eller Reading.

Bynamnet er kjent for radioamatørar frå omgrepet Maidenhead Locator System, ein standard for lokalisering av posisjonar. Standarden vart vedteken på ein konferanse i byen i 1980.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]