Maiduguri

Koordinatar: 11°50′N 13°9′E / 11.833°N 13.150°E / 11.833; 13.150
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maiduguri
by
Land  Nigeria
Folketal 1 197 497 (2009)
Kart
Maiduguri
11°50′00″N 13°09′00″E / 11.833333333333°N 13.15°E / 11.833333333333; 13.15
Wikimedia Commons: Maiduguri
Maiduguri i Nigeria

Maiduguri er ein by som ligg nordaust i Nigeria, rundt 11 mil sørvest for Tsjadsjøen. Han er delstatshovudstad for Borno og har rundt 1,1 millionar innbyggjarar (2004).[1]

Maiduguri blei grunnlagd av britane kring 1907.[1] Det moderne Maiduguri omfattar også Yerwa, som blei grunnlagd i same tidsrommet som hovudstad for kanurifolket. Byen har lenge vore eit viktig handelssentrum og vegknutpunkt.[1] Statusen som kommersielt sentrum blei styrkt då jernbanen kom i 1964.[2] Byen er no ein av dei største i Nord-Nigeria. Han er sluttpunkt for jernbanelinjer frå Lagos og Port Harcourt.[1] Han har også ein flyplass, Maiduguri International Airport. Maiduguri er sete for eit universitet grunnlagd i 1975 og ein teknisk høgskule.[1]

Dei fleste innbyggjarane i byen er kanuritalande muslimar, men det finst også fleire minoritetsgrupper, mellom anna kristne. Byen har fleire gonger opplevd valdsame samanstøyt med etnisk eller religiøs bakgrunn, mellom anna i 1982,[3] 2001,[4] i samband med Muhammed-karikaturane i Jyllands-Posten i 2005,[5] og i 2009.[6]

Maiduguri er opphavsstaden for terroristgruppa Boko Haram, og har seinare vore åstad for terorriståtak og kampar om byen. Boko Haram gjekk til åtak på ein militær- og ein flybase i nærleiken i desember 2013, og prøvde å ta kontroll over byen.[7] 10. januar 2015 drap eit bombeåtak under mandagsmarknaden her 19 menneske.[8] Natt til 25. januar same år byrja fleire hundre Boko Haram-soldatar eit større militæråtak på byen,[7] men blei raskt drivne ut.[9] 7. mars 2015 drap fem ulike sjølvmordsbomber over 50 menneske og såra over 140.[10] 11. august drap eit nytt åtak på marknaden rundt 50 menneske.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Maiduguri», Store norske leksikon, henta 7. november 2010 
  2. Maiduguri, Encyclopædia Britannica, lese 2010-05-13
  3. «Nigerian Toll Put at 452 In Religious Riots», New York Times, 1. november 1982, henta 7. november 2010 
  4. Barnaby Phillips (10. januar 2001), «Eclipse triggers Nigeria riot», BBC News, henta 7. november 2010 
  5. ReliefWeb: Nigeria's northeast state imposes curfew after religious crisis, henta 6. april 2007 
  6. Nigerian Islamist attacks spread, BBC, 27. juli 2009, henta 27. juli 2009 
  7. 7,0 7,1 Mark, Monica (25 January 2015). «Nigerian City Under Attack from Suspected Boko Haram Militants». The Guardian. Henta 25 January 2015. 
  8. Nossiter, Adam (10 January 2015). «In Nigeria, New Boko Haram Suicide Bomber Tactic: "It's a Little Girl"». The New York Times. Henta 25 January 2015. 
  9. Faith Karimi and Aminu Abubakar (26. januar 2015). «Nigerian soldiers save one city from Boko Haram but a nearby one is seized». CNN.com. Henta 29. januar 2015. 
  10. «5 suicide bomb blasts rock Maiduguri city in northeast Nigeria, 54 dead, 143 wounded: official». AP. 7. mars 2015. Arkivert frå originalen 8. mars 2015. Henta 7. mars 2015. 
  11. «Suspected Boko Haram bomb in Nigerian market kills about 50», The Guardian, 12 August 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Maiduguri

11°50′N 13°9′E / 11.833°N 13.150°E / 11.833; 13.150