Maimonides

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maimonides

Alias hebraisk משֶׁה בֶּן מַיימוֹן Mōšè ben Maymōn, jødearabisk מוסא אבן מימון Mūsa ibn Maymūn, gresk/latin Moses Maimonides
Statsborgarskap Al-Andalus
Fødd 30. mars 1138, 30. mars 1135
Córdoba
Død

13. desember 1204 (66 år)
Kairo

Yrke filosof, medisinsk forfattar, rabbinar, astronom, Dayan, skribent, lege
Religion Jødedommen
Far Maimon ben Yossef HaDayan
Born Abraham ben Moses ben Maimon
Signatur
Maimonides på Commons

Moshe ben Maimon (30. mars 113513. desember 1204), mest kjend som Maimonides, var ein jødisk doktor, rabbinar og filosof som er særleg kjend for det halakhiske verket Misjné Torá og boka Dalālat al-ha’irīn (meir kjent som Moré nebukhím eller Dei rådvilles lærar) — ei bok som søkjer å harmonisere jødedommen med vitskap og aristotelisk filosofi.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Córdoba[endre | endre wikiteksten]

Moshe ben Maimon vart fødd den 30. mars 1135 i Córdoba i Spania, som på den tida var under muslimsk styre, og studerte Torá under far sin, Maimon, og rebbí Joséf ibn Migásj.

Marokko[endre | endre wikiteksten]

Familien flykta til Marokko etter at Córdoba fall og vart innteken av almohadane. I Marokko tok han til seg det meste av den sekulære lærdommen sin da han studerte ved universitetet i Fez. I tida han var der skreiv han det vidkjente kommentarverket sitt til Misjná.

Israel[endre | endre wikiteksten]

Etter opphaldet i Marokko budde Moshe ei kort tid i Israel — hovudsakleg i Jerusalem, der han bruka å be i ein synagogeTempelhøgda.

Egypt[endre | endre wikiteksten]

Etter dette flytte han til Egypt og busette seg i Fustat, der han verka som lækjar åt storvisir Alfadhil og/eller sultan Saladin av Egypt. I Egypt skreiv han det meste av verket sitt, inkludert Misjné Torá. Moshe ben Maimón døydde i Fustat den 13. desember 1204 og vart gravlagd i Tiberias i Israel.

Innflytnad[endre | endre wikiteksten]

Maimonides var ein av dei få jødiske filosofane som òg hadde stor innverknad på den ikkje-jødiske verda — både innanfor kristendommen og innanfor islam. Enno i dag er han blant dei mest respekterte av alle jødiske filosofar. Eit mykje bruka ordhell blant jødar i mellomalderen var «Frå Moses (med Toráen) til Moses (Maimonides) har det ikkje vore nokon slik Moses.»

Maimonides var utan samanlikning den mest innflytnadsrike personen i jødisk tenkjing i mellomalderen. Radikale jødiske tenkjarar i dei neste århundra kan skildrast som maimonidanarar eller anti-maimonidanarar. Moderate tenkjarar var dei som i hovudtrekk aksepterte Maimonides sitt aristoteliske verdssyn, men som avviste dei elementa av dette som dei meinte gjekk mot den jødiske religiøse tradisjonen. Denne typen eklektisisme hadde høgdepunktet sitt på 1300- og 1400-talet.

Den skarpaste og mest gjennomgåande kritikken av Maimonides i mellomalderen var Hasdai Crescas sitt verk Or hasjém. Crescas gjekk imot den eklektiske tendensen ved å rive heilt ned vissheita i det aristoteliske verdssynet — ikkje berre i religiøse spørsmål, men òg i dei mest grunnleggjande områda av vitskapen i mellomalderen, slik som fysikk og geometri. Crescas sin kritikk provoserte fleire jødiske tenkjarar på 1400-talet til å skrive forsvarsskrift for Maimonides sine idéar. Ei omsetjing av Or hasjém til engelsk skriven av Harry Austryn Wolfson ved Harvard University vart utgjeven i 1929.

Sitat[endre | endre wikiteksten]

  • «Lær tunga di å seie ‘Eg veit ikkje!’ og du vil gjera framsteg.»
  • «Sjansen at ein tek feil avgjersle er betre enn redsla ved ikkje å bestemme seg.»
  • «Du lyt godtaka sanninga same kva kjelde ho kjem frå.»
  • «Føregrip velferdsgåver ved å hindre fattigdom; hjelp den trengande grannen, anten ved ei stor gåve eller ein pengesum eller ved å lære han ein næringsveg eller ved å leie han inn i handel så han kan tena si ærlege løn og ikkje bli tvungen til det fryktelege alternativet å vera nøydd til å halde ut handa si for velferd. Dette er det øvste steget og toppen av den gylne velferdsstigen.»
  • «Vi er skuldige å vise meir omsut med bodet om å gjeva til velferd enn med noko anna gjerningsbod — for velferdsgåver er teiknet på eit rettvist menneske.»


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]