Mainz

Koordinatar: 50°0′0″N 8°16′16″E / 50.00000°N 8.27111°E / 50.00000; 8.27111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mainz
Horisonten til Mainz
Horisonten til Mainz
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Mainz
Mainz is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Rheinland-Pfalz
Ingen
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

97,75 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik

198 501
  2 031/km²
Koordinatar 50°0′0″N 8°16′16″E / 50.00000°N 8.27111°E / 50.00000; 8.27111
Høgd over havet 85-285 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 55001-55131
Telefon-retningsnummer 06131, 06136
Bilnummer MZ
Heimeside: www.mainz.de

Mainz er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 200 000 innbyggjarar. Byen ligg ved Rhinen der ho møter elva Main. Mainz har universitet, bispedømmesete og fleire fjernsyns- og kringkastingsorganisasjonar. Dei største nabobyane er Wiesbaden, Darmstadt og Frankfurt am Main.

Mainz utgjer eitt av dei fem store bysentera i Rheinland-Pfalz.

Folketalet passerte i byrjinga av 1900-talet 100 000 innbyggjarar og Mainz fekk dermed status som storby. Folketalet i 2002 var på 183 822 (ytterlegare 18 619 har hovudbustad andre stader, men eiger ein bustad i Mainz).

Mainz ligg 25 minutt med S-Bahn frå Frankfurt internasjonale flyplass.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mainz er meir enn 2 000 år gamal. 13 f.Kr. vart det bygd ei romersk festning på staden.

I Mainz vart boktrykkarkunsten utvikla av pionerar som Johann Gutenberg, Johann Fust og Peter Schöffer (svigerson av Fust). Den første boka som vart trykt med mekansikedelar vart trykt her. Denne boka vert kalla «Gutenbergs bibel», og i dag finst det tre perfekt bevarte eksemplar av boka. Ein i London, ein i Parisog ein i Washington D.C.. Teknikken som boktrykkarane i Mainz nytta bygde på den kinesiske boktrykkarkunsten, og sjølv papiret som vart nytta var sannsynlegvis ei kinesisk oppfinning.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Byen er delt inn i 15 bydelar: Altstadt, Neustadt, Mombach, Gonsenheim, Hartenberg-Münchfeld, Oberstadt, Bretzenheim, Finthen, Drais, Lerchenberg, Marienborn, Hechtsheim, Ebersheim, Weisenau og Laubenheim.

Landtag i Mainz der delstatsforvaltninga held til

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mainz