Majuskel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Majuskel, også kalla versal, er innanfor typografi det som til dagleg vert kalla stor bokstav, altså A, B, … i motsetnad til a, b, … som vert kalla minuskel eller gemen. Omgrepet majuskel er nyttig i språket fordi ein unngår fleirtyding. Medan uttrykket «stor bokstav» også kan bety «bokstav sett i stor type», som refererer til den fysiske storleiken på ein bokstav, kan majuskel og minuskel tolkast på berre éin måte.

Ordet majuskel kjem frå latin maiusculus, litt større. Ordet versal kjem frå nylatin versus, vers, og refererer til stor forbokstav i verslinje.