Makaronisk dikting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«In dulce jubilo», kjend på norsk som «Eg synger jolekvad», er eit makaronisk dikt.

Makaronisk dikting er ei form for poesi som blandar to språk, til dømes latin og eit folkespråk. Teknikken kan brukast for å oppnå ein komisk eller parodisk verknad, men finst også i alvorlege verk som hymner. Makaronisk dikting kan bruka latinske ord eller endingar sett saman med det andre språket. Språkblandinga kan ha som mål å skapa humor eller brukast som eit lyrisk verkemiddel.

Makaronisk dikting har utgangspunkt i mellomalderpreiker på latin og lokale talespråk. Fleire dikt frå mellomalderen er makaroniske, til dømes dikt i Carmina Burana-samlinga og salmen «In dulce jubilo», som er blitt kjend som julesongen «Eg synger jolekvad».

Den humoristiske sjangeren byrja i Italia på slutten av 1400-talet med diktet Macaronea (Carmen maccaronicum) av Tifo Odasi, truleg namngjeve etter bondekosten med pasta eller makaroni. Den mest berømte av etterfølgjarane hans i Italia er Teofilo Folengo. I England finn vi John Skelton, i Skottland William Drummond og i Tyskland loppeheltediktet Die Flohiade ('Flohiaden'). Rabelais og Molière har òg nytta metoden.

Nyare dikting som er blitt kalla makaronisk er dikt som inneheld fleire linjer på framande språk, som The Waste Land av T.S. Eliot eller Cantos av Ezra Pound.

Døme[endre | endre wikiteksten]

I Norden finst fleire utgåver av eit dikt som byrjar med «Gingimus in gadibus» eller «gatis», 'lat oss gå i gata' på tøyselatin.

Svensk utgåve frå Lund:


Gingimus in gatis cum kameratibus omnes,
Slogimus in stenos käppis, påkisque klackisque,
Uno ore fullissimo skojantes atque tjutentes.
Tum veniunt väktari, saxas lyktasque ferentes,
Et juvenes muntros saxis gripantque feruntque
In horridam finkam; pliktavimus duos in banco.
Dansk utgåve:
Gingimus in gadibus
cum jomfrubus atque madamus,
slogimus in stenibus
cnm stokkibus atque rapiris;
tunc veniunt vægtri et
nos in raadstuviam slæbunt,
solvimus en dalerum et
sic læti slapsimus derfra.


Makaranisk dikting er spesielt vanleg i tospråklege kulturar. Frå Irland og Skotland finst det mange tradisjonelle songar med vers som vekslar mellom gælisk og engelsk. Eit døme:

When I came down to Glasgow first,

a-mach air Tìr nan Gall.
I was like a man adrift,

air iomrall 's doll air chall.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]