Makassarsundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Makassarsundet

Makassarsundet (indonesisk: Selat Makassar) er eit 710 kilometer langt og frå 120 til 300 km breitt sund mellom øyane Borneo og Sulawesi i Indonesia. I nord går sundet over i Sulawesihavet medan sundet i sør munnar ut i Javahavet. Største djupna i Makassarsundet er 2 458 meter. Sundet er ein del av Wallacelinja.

Hamnebyane Balikpapan på Borneo, samt Makassar og Palu i Sulawesi, ligg på høvesvis vestida og austsida av Makassarsundet. Makassarsundet er vanleg rute for havgåande fartøy som er for store til å passere gjennom Malakkasundet.

4. februar 1942 vart utkjempa eit stort sjøslag mellom Japans marine på den eine sida og Nederland og USA på den andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]