Make Me Smile (Come Up and See Me)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Make Me Smile (Come Up and See Me)
Singel av Steve Harley & Cockney Rebel
frå albumet The Best Years of Our Lives
B-side

«Another Journey»

Språk engelsk
Utgjeve 1975
Innspelt 1974
Sjanger Pop/Rock
Lengd 4:01
Selskap EMI
Komponist Steve Harley
Tekstforfattar Steve Harley
Låtskrivar(ar) Steve Harley
Produsent Steve Harley,
Alan Parsons
Steve Harley & Cockney Rebel-kronologi 
«Big Big Deal»
(1974)
Make Me Smile (Come Up and See Me) «Mr. Raffles»
(1975)


«Make Me Smile (Come Up and See Me)» er ein song skriven og innspelt av Steve Harley. Han vart opphavleg spelt inn av bandet hans Steve Harley & Cockney Rebel for albumet The Best Years of Our Lives og gjeven ut som singel i 1975. I eit fjernsynsintervju i 2002 fortalte Steve Harley at teksten var retta mot dei tidlegare bandmedlemmane, som han følte hadde forlate han.[1][2]

Det er spelt inn meir enn 120 coverversjonar av songen, mellom anna av Duran Duran og Erasure.[3]

Steve Harley & Cockney Rebel-versjonen[endre | endre wikiteksten]

«Make Me Smile (Come Up and See Me)» var den største hitten til Steve Harley & Cockney Rebel, og selde over ein million kopiar verda over.[4] Han vart den einaste førsteplassen deira på lista i Storbritannia og Irland.[5] i februar 1975[6]

«Make Me Smile» vart gjeven ut tre gonger i Storbritannia. I 1992 nådde singelen 46. plass[7] og i 1995 nådde han 33. plass etter å ha vorte nytta i ein reklame for Carlsberg.[8] Ein remiks av songen nådde i juni 2005 55. plass.[9]

Den akustiske gitarsoloen vart opphavleg spelt av Jim Cregan som oppvarming under lydsjekken og fanga på lydband. Han vart seinare nytta då ein skjønte at han gav songen noko ekstra.[2][10] Andre som medverka på singelen var Marc Bolan på akustisk rytmegitar og Tina Charles på korvokal.[11]

Songen er nytta i filmane The Full Monty (1997), Velvet Goldmine (1998), Best - The George Best Story (2000), Saving Grace (2000) og Blackball (2003). Han vart òg nytta i reklamar for Marks & Spencer i 2006 og ein populær reklame for Norsk Tipping i 2007.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Duran Duran spelte ein konsertversjon av songen som vart gjeven ut som B-side til den store hitten deira «The Reflex» i 1984. Denne versjonen vart nytta i filmen Threesome (1994).

Erasure spelte inn «Make Me Smile (Come Up and See Me)» på coveralbumet deira Other People's Songs. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 14. plass på lista i Storbritannia.[12]

Andre artistar som har spelt songen er Suzi Quatro, Nick Barker & the Reptiles (nådde Topp 30 i Australia i 1989)[13], The Wedding Present (nådde 25. plass i Storbritannia i 1990)[14] og Robbie Williams.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Interview». Arkivert frå originalen 25. oktober 2005. Henta 26. april 2011. 
  2. 2,0 2,1 «Make Me Smile (Come Up And See Me) by Steve Harley & Cockney Rebel Songfacts». Henta 26. april 2011. 
  3. Kutner, Jon; Leigh, Spencer. 1000 UK Number One Hits. Omnibus Press. ISBN 978-1844492831. 
  4. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 358–359. ISBN 0-214-20512-6. 
  5. «irishcharts.ie search results». Henta 26. april 2011. 
  6. «Chart Stats - Steve Harley And Cockney Rebel - Make Me Smile (Come Up And See Me)». Arkivert frå originalen 26. september 2011. Henta 26. april 2011. 
  7. «Chart Stats - Steve Harley And Cockney Rebel - Make Me Smile (Come Up And See Me) {1992}». Arkivert frå originalen 7. juli 2007. Henta 26. april 2011. 
  8. «Chart Stats - Steve Harley And Cockney Rebel - Make Me Smile (Come Up And See Me) {1995}». Arkivert frå originalen 7. juli 2007. Henta 26. april 2011. 
  9. «Chart Stats - Steve Harley And Cockney Rebel - Make Me Smile (Come Up And See Me) {2005}». Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 26. april 2011. 
  10. White, Helen. «Superstars come to Highclere». Newbury Today. Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 26. april 2011. 
  11. Roberts, David (2001). British Hit Singles (14th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 45. ISBN 0-85156-156-X. 
  12. «Chart Stats - Erasure - Make Me Smile (Come Up And See Me)». Arkivert frå originalen 7. juli 2007. Henta 26. april 2011. 
  13. «Diskografi Nick Barker & the Reptiles». Australian charts portal. Hung Medien. Henta 26. april 2011. 
  14. «Chart Stats - The Wedding Present - Three Songs (EP)». Arkivert frå originalen 23. august 2011. Henta 26. april 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]