Gresk Makedonia

Koordinatar: 40°45′N 22°54′E / 40.750°N 22.900°E / 40.750; 22.900
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Makedonia i Hellas)
Μακεδονία
Makedonía

(Nasjonalflagg)

(Regionalt flagg)
Regionalsong: Μακεδονία ξακουστή (‘Vidkjende Makedonia’)

Plasseringa til Makedonia i Hellas.
 
Land: Hellas
Hovudstad: Thessaloníki
Koordinatar: 40°45′N 22°54′E / 40.750°N 22.900°E / 40.750; 22.900
Periferi: Vest-Makedonía
Sentral-Makedonía
Aust-Makedonía
Folketal: 2 267 952[1]
Areal: 34 177 km²
Folketettleik: 66,4/km²
Heimeside: Ministry for Macedonia–Thrace
Makedonia
(Antikkens og den moderne Regionen)

Makedonia (gresk Μακεδονία) eller Gresk Makedonia er den største og nest mest folkerike av dei tradisjonelle regionane i Hellas. I lag med regionane Thessalía og Thráki vert det ofte uoffisielt kalla Nord-Hellas.

Området dekkjer det meste av det gamle Kongedømet Makedonia, fødestaden til Aleksander den store. Namnet har seinare vorte nytta om ein større del av Balkan berre kalla Makedonia, der Gresk Makedonia utgjer 52,4 % av arealet og 52,9 % av folketalet. Det var ein del av Det osmanske riket fram til 1912. I 1913 vart det meste av dei osmanske områda i Europa (inkludert Makedonia) delt mellom dei omliggande landa Hellas, Serbia, Bulgaria, Albania og Montenegro.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kart over Aleksander den store sitt rike.

Utdjupande artiklar: Antikkens Hellas, Antikkens Makedonia, Aleksander den store og Den romerske provinsen Makedonia

Namn[endre | endre wikiteksten]

Makedonia er eit gresk namn.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Makedonia dekkjer eit areal på 34 177 km² og utgjer den nordlege delen av det greske fastlandet. Hovudstaden i Makedonia er Thessaloníki. Makedonia grensar til Albania, Nord-Makedonia og Bulgaria i nord, til Thráki i aust, Ípiros i vest og Thessalía i sør.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Det kvite tårnet i Thessaloníki
Dei største byane i Makedonia (2021)er:[1]
1. Thessaloníki (hovudstad) 784 695
2. Sérres 59 260
3. Kateríni 56 961
4. Kavála 51 947
5. Drama 43 445
6. Véria 42 508
7. Kozáni 42 140
8. Ptolemaída 31 537
9. Jannitsá 28 759
10. Kilkís 23 182
11. Náousa 17 830
12. Flórina 17 188
13. Edessa 17 168
14. Alexándria 15 042
15. Kastoriá 12 548
16. Grevená 12 293

Periferiane og periferieiningane[endre | endre wikiteksten]

Dei tre makedonske periferiane og periferieiningane deira er:

Kart over Makedonia Tal Periferi Hovudstad Areal Folketal 2021[1]
Vest-Makedonía
består av:
Kozáni 9 451 km² 254 595
1 Periferieininga Kastoriá Kastoriá 1 720 km² 45 929
2 Periferieininga Flórina Flórina 1 924 km² 44 880
3 Periferieininga Kozáni Kozáni 3 516 km² 137 210
4 Periferieininga Grevená Grevená 2 291 km² 26 576
Sentral-Makedonía
består av:
Thessaloníki 18 811 km² 1 795 669
5 Periferieininga Pélla Édessa 2 506 km² 126 740
6 Periferieininga Imathía Véria 1 701 km² 131 001
7 Periferieininga Piería Kateríni 1 516 km² 119 384
8 Periferieininga Kilkís Kilkís 2 519 km² 70 477
9 Periferieininga Thessaloníki Thessaloníki 3 683 km² 1 092 919
10 Periferieininga Khalkidikí Polýjyros 2 918 km² 102 085
11 Periferieininga Sérres Sérres 3.968 km² 151 317
Aust-Makedonía
Del av Aust-Makedonía og Thráki  består av:
Kavála 5 579 km² 215 942
12 Periferieininga Dráma Drama 3 468 km² 86 643
13 Periferieininga Kavála Kavála 1 728 km² 116 195
14 Periferieininga Thásos Thásos 379 km² 13 104
15 Áthos (Sjølvstyrt) Karyés 336 km² 1 746
Totalt Makedonia Thessaloníki 34 177 km² 2 267 952

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelle regionar i Hellas
Thráki • Makedonía • Ípiros • Thessalía • Sentral-Hellas • Attikí • Peloponnes • Dei egeiske øyane • Dei joniske øyane • Kreta


40°45′N 22°54′E / 40.750°N 22.900°E / 40.750; 22.900.