Makrónisos
| Makrónisos Lokalt namn: Μακρόνησος |
|
|---|---|
Flyfoto av Makrónisos |
|
| Geografi
|
|
| Stad | Egearhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Kykladane |
| Areal | 20 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining Kommune |
Dei sørlege egeiske øyane Kéa-Kýthnos Kéa |
| Demografi | |
| Folketal | 0 |
Makrónisos (gresk Μακρόνησος) er ei øy i Hellas i Egearhavet. Øya ligg nær kysten til Attikí utanfor hamna Lavrio. Ho er 3 km lang frå nord til sør og om lag 500 meter brei frå aust til vest. Terrenget er tørt og steinete. I antikken vart øya kalla Helena.
Øya er ein del av kommunen Kéa, som høyrer til periferieininga Kéa-Kýthnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane, sjølv om Makrónisos tradisjonelt ikkje blir rekna til øygruppa Kykladane.
I dag bur det ikkje folk på øya og frå den greske borgarkrigen til gjenopprettinga av demokratiet etter det greske militærregimet kollapsa, vart ho nytta som fengsel for greske kommunistar. På grunn av historia hennar vert ho rekna som eit monument for borgarkrigsperioden, og øya er derfor verna for vidare utvikling.
Det var i sundet mellom Makrónisos og Kéa at HMHS «Britannic», søsterskipet til RMS «Titanic», sokk i 1916.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Makronisos frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Hamilakis, Yannis, «The Other 'Parthenon': Antiquity and National Memory at Makronisos», Journal of Modern Greek Studies 20:2 (Okt 2002), s. 307-338.
|
|
||
|---|---|---|
|
Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Jyáros • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi |
||