Makrakómi
Makrakómi Lokalt namn Μακρακώμη | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Sentral-Hellas |
Koordinatar | 38°56′N 22°07′E / 38.933°N 22.117°E |
Areal | 834,7 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Sentral-Hellas Fthiótida |
Hovudsete | Sperkhiáda (2 691 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 16 036 (2011[1]) |
Folketettleik | 19,2 /km² |
Makrakómi (gresk Μακρακώμη) er ein kommune i periferieininga Fthiótida i periferien Sentral-Hellas i Hellas. Makrakómi ligg vest for Lamía og grensar i sør mot periferieininga Fokída, i vest mot Evrytanía, i sørvest mot Etoloakarnanía i Vest-Hellas og i nord mot Kardítsa i Thessalía.
Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Ájos Jeórjos Tymfristoú
- Makrakómi
- Sperkhiáda
- Tymfristós
Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 16 036 innbyggjarar, medan kommunaleininga Makrakómi hadde 5 617 og tettstaden med same namn 2 245 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Sperkhiáda | Sperkhiáda | 2 691 |
Makrakómi | Makrakómi | 2 245 |
Ftéri | Sperkhiáda | 512 |
Kastrí | Makrakómi | 437 |
Tymfristós | Tymfristós | 434 |
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023