Makrellstørje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Makrellstørje

Status i verda: Utilstrekkeleg data

Makrellstørje
Makrellstørje

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Infraklasse: Teleostei
Orden: Perciformes
Familie: Scombridae
Slekt: Thunnus
Vitskapleg namn
Thunnus thynnus
Makrellstørje, tunfisk
Namn på andre språk
Svensk Tonfisk
Engelsk Tuna, Northern bluefin tuna
Tysk Roter Thun, Großer Thun, Nordatlantischer Thun, Blauflossen-Thunfisch
Fransk Thon rouge, thon rouge du Nord, thon rouge de l'Atlantique, thon rouge de Méditerranée
Spansk Atún, atún azul, atún de aleta azul, atún rojo, cimarrón
Russisk Tunets (Тунец), obyknovennyj tunets (обыкновенный тунец)

Makrellstørje (eller størje; i kokeboka mest kjend som tunfisk) er ein av dei største beinfiskane i havet. Ho liknar makrellen av utsjånad, og smakar heller ikkje så ulikt makrell - men ho er mykje større, opp til 3 m lang og 400 - 500 kg.

Namnet størje (norrønt styrja) kan vere ei avlydsform av stor, slik at namnet tyder stor makrell. Det er òg mogleg at ordet kjem av å styra, og at det såleis speglar folketru om at ulike fiskeslag hadde eigne høvdingar som ikkje likna dei vanlege individa, jamfør sildekonge og laksestørje. Namnet tunfisk kjem via latin thunnus frå gresk, og kan tyde «fisk som styrtar av stad».

Framdelen av kroppen er dekt med eit panser av samanvaksne skjel. Ryggen er blåsvart, sidene skin likt perlemor og buken er kvit. Markrellstørja gyt om våren i varme hav; sidan legg ho ut på næringsvandring på høgre breiddegradar. Sild, makrell og annan stimfisk er viktigaste føda.

Makrellstørja i norsk fiske[endre | endre wikiteksten]

Til størjefiske må fiskaren bruke kraftig reiskap. Det kan vere jukse med kraftig krok og eit par famner ståltau til fortom for eit kraftig snøre med jernblåse. Kroken er gjerne egna med sild. Til størjefisket kan ein òg bruke harpun, Kongsberg Våpenfabrikk produserte på 1950-talet eit eige størjegevær for slik fangst av makrellstørje. Etter krigen vart størja òg fanga i snurpenot, til dette fisket vart det bruka eigne forsterka nøter. I dag er fiske med line den vanlegaste fangstmetoden ved kommersielt fiske.

Størja er ein kjend fisk på norskekysten. Etter krigen tok størjefisket seg kraftig opp, og i Noreg vart desse fangstane registrerte:

  • 1935: 152 tonn
  • 1940: 133 tonn
  • 1945: 722 tonn
  • 1950: 1712 tonn
  • 1955: 10 423 tonn
  • 1960: 3280 tonn
  • 1965: 1950 tonn
  • 1970: 366 tonn
  • 1975: 772 tonn
  • 1980: 282 tonn
  • 1985. 1 tonn

Toppåret var 1952, då det vart fiska 11 480 tonn størje på norskekysten. Overfiske er truleg hovudårsaka til at størja vart borte, både fisket under næringsvandringane, og fisket som skjer i gyteområda. Ein internasjonal «størjekomité» har rekna ut at størjebestanden i havet berre er 19 % av det han burde vere.

Sjå òg tantei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]