Maksim Tsjudov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maksim Tsjudov


Verkeleg namn Максим Александрович Чудов
Statsborgarskap Russland
Fødd 12. november 1982 (41 år)
Mikhajlovka
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2006, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Stafett menn

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, æra meister av idrett i Russland, Order of Friendship of Peoples

Maksim Aleksandrovitsj Tsjudov (fødd 12. november 1982 i Mikhajlovka i Basjkortostan) er ein russisk skiskyttar. Han vart junior-verdsmeister i jaktstart og stafett i 2003. Han tok sin første verdscup-medalje med ein sølv i 20 kilometer i Brezno-Osrblie i desember 2005. Han studerer jus ved det basjkirske statsuniversitetet i Ufa. Han var med på det russiske laget til OL i Torino i 2006, der han deltok i sitt første OL, og fekk gå alle distansane utanom stafetten.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(per 3. februar 2007)

  • Verdscup samanlagt:
    • 13. plass (2005/06)
  • Verdsmeisterskap:
  • Olympiske leikar:
    • Beste plassering: 9. plass (jaktstart, Torino 2006)
  • Verdscuprenn:
    • 2 sølv, 3 bronse