Maktområdet Ny-England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maktområdet Ny-England i Amerika
Koloni i England
1686–1689

Våpen of Maktområdet Ny-England

Våpen

Guvernør Joseph Dudley
Edmund Andros
Viseguvernør Francis Nicholson
lovgjevingsmakt Styret i Ny-England
Historie
 - Oppretta 1686
 - Boston-opprøret 18. april 1689
 - New York-opprøret 31. mai 1689
 - Nedlagt 1689
Føregjengarar
Etterfølgjarar
Massachusetts Bay Colony
Provinsen New Hampshire
Kolonien Connecticut
Kolonien Plymouth
Kolonien Rhode Island og Providence-plantasjane
Massachusetts Bay Colony
Provinsen New Hampshire
Kolonien Connecticut
Kolonien Plymouth
Kolonien Rhode Island og Providence-plantasjane

Maktområdet Ny-England i Amerika (engelsk Dominion of New England) (1686–1689) var ein administrativ union av engelske koloniar i Ny-England i Nord-Amerika. Maktområdet varte kortvarig fordi området det omfatta (frå Delaware River i sør til Penobscot Bay i nord), bestod av dagens Maine, New Hampshire, Vermont, Massachusetts, Rhode Island, Connecticut, New York og New Jersey, og var for stort for ein enkel guvernør å styre. Det var òg andre faktorar som gjorde at det vart mislukka, som at guvernøren, sir Edmund Andros, var særs upopulær og gjorde saker som fornærma store delar av innbyggjarane i Ny-England. Etter at meldingar om den ærerike revolusjonen i England nådde Boston i 1689, gjorde puritanarar opprør mot Andros, og arresterte han og tenestemennene hans. Leisler-opprøret i New York City avsette viseguvernøren i maktområdet, Francis Nicholson. Etter desse hendingane gjekk koloniane som var samla i maktområdet attende til slik dei hadde vore før maktområdet vart oppretta, trass i at somme av dei då vart formelt styrte utan særleg løyve. Nye løyve vart etter kvart skriven ut av kong Vilhelm III av England og dronning Maria II.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]