Malala Yousafzai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Malala Yousafzai

Malala Yousafzai (fødd 12. juli 1997) er ein pakistansk bloggar og elev. Ho var 11 år gamal då ho byrja skriva under pseudonym for BBC Urdu om livet i heimstaden Mingora i Swat-distriktet under Taliban-styre. I oktober 2012 vart ho skoten i hovudet av ein talibanar for at ho hadde kjempa for rettane til jenter å studera. Skytinga vekte stor interasjonal merksemd, og Malala vart flogen til Storbritannia for å få handsama skadane. Ho vart skriven ut av sjukehuset i januar 2013.

I 2014 fekk ho Nobels fredspris saman med Kailash Satyarthi.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Nobel Peace Prize for 2014», nobelprize.org, 10. oktober 2014. Vitja 10. oktober 2014.