Malayalam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Malayalam
(മലയാളം)
Klassifisering: Dravidiske språk
 Sørlege dravidiske språk
  Tamil-kodagu
   Tamil-malayalam
    Malayalam
Bruk
Tala i: India
Område: Kerala og Lakshadweep i India
Malayalamtalande i alt: ca. 35,7 millionar (1999)
Rangering: 29
Skriftsystem: Malayalam-skrift
Offisiell status
Offisielt språk i: India
Normert av: Ymse akademi og regjeringa i Kerala
Språkkodar
ISO 639-1: ml
ISO 639-2: mal
ISO 639-3: mal

Malayalam (മലയാളം malayāḷam) er eit dravidisk språk som hovudsakleg blir tala i den indiske delstaten Kerala. Språket er skrive med eit eige alfabet som liknar mykje på, og truleg hadde opphavet sitt i, grantha-skrifta.

Som dei andre dravidiske språka er malayalam eit agglutinerande språk. Språket bruker svært mange etterfeste og nokre førefeste for å endra tydinga eller grammatisk rolla åt ord. Dette gjev malayalam ein særskild ord- og setningsbygnad. Eit døme er tittelen åt ei song som vart populær på 1990-talet, som tyder «og ein annan dag no, der ingen kjem», og berre er eitt ord på malayalam, «varuvānillāruminnorunāḷum».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Malayalam står i nær slekt med tamil og folk frå det malayalam-talande landet pla skriva normert tamil i mange hundreår. Statusen åt malayalam som eit åtskilt språk var berre etablert på 1500-talet av Thuntsjathu Ezhuthatsjan, ein diktar som ofte vert kalla faderen åt malayalam. Ezhuthatsjan si dikting etablerte ein ny ortografi, grammatikk, ordforråd og litterært idiom for malayalam, som var ganske ulike frå tamil. Ein trur at den moderne malayalam-skrifta også var laga av han. Ezhuthatsjan baserte språkombota si på ei blanding av språkformar som fanst i manipraválam-diktingstradisjonen, folkeviser og verk som blanda normert tamil med lokale dialektformar. Det er difor vanleg i dag å rekna desse tidlegare verka som døme på tidleg malayalam bokheim.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediamalayalam

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ampattu Paily Andrewskutty: Malayalam: an intensive course. Trivandrum: Dravidian Linguistic Association, 1978.
  • Michail S. Andronov: A grammar of the Malayalam language in historical treatment. Wiesbaden: Harrassowitz, 1996.
  • Ronald E. Asher, T. C. Kumari: Malayalam. London: Routledge, 1997.
  • Leonhard Johannes Frohnmeyer: A progressive grammar of the Malayalam language for Europeans. Mangalore: Basel Mission Book & Tract Depoitory, 1889.
  • Christina Kamp, Jose Punnamparambil: Malayalam für Kerala Wort für Wort. Kauderwelsch Sprechführer Bd. 178, Bielefeld: Reise Know How Verlag, 2005.
  • Nagamangala Dasappa Krishnamurthy, Harihara Parameswaran, Uliyar Padmanabha Upadhyaya: Conversational Malayalam: a microwave approach. Bangalore: N. D. K. Inst. of Languages, 2005.
  • Rodney F. Moag: Malayalam: a university course and reference grammar. Ann Arbor, Mich.: Center for South and Southeast Asian Studies, Univ. of Michigan, 1980.
  • I.Vi. En. Namputiri: A brief history of Malayalam language. Thiruvananthapuram: International Centre for Kerala Studies, Univ. of Kerala, 2004.
  • B. Syamala Kumari: An intensive course in Malayalam. Mysore: Central Inst. of Indian Languages, 1981.