Maldiskusjon:Infoboks språk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fargar i infoboksane[endre wikiteksten]

Er det noko system bak fargebruken i infoboksane? Eg må seia at det skjer meg i auga å sjå den irrgrøne "lawngreen" som m.a. blir brukt i sørsamisk språk. Me bør diskutera om me skal ha slike fargar i det heile, og i så fall kva fargar som skal brukast. -- Ranveig 2. april 2006 kl. 15:16 (UTC)

Du har heilt rett, slik det er no er fargebruken tilfeldig. På en. og de. har dei eit system, der ulike språkfamiliar har ulik farge. I seg sjølv er det ein god idé, og då eg starta med boksane gjekk eg ut frå at det vart rett i og med at eg ofte kopierte relevant boks frå finsk, engelsk eller tysk. Men så tok eg til å kopiere på kryss av familiane, så no veit eg ikkje kva som er kva. I utgangspunktet syns eg ideen er god, det som står att er å gjennomføre det... Trondtr 2. april 2006 kl. 15:34 (UTC).
Ja. No har eg rota litt rundt på engelsk, og det ser såpass fornuftig ut at eg får finna meg i skjerande irrgrøne og neonrosa overskrifter. No kan ein altså skriva språkfamilien inn på "familycolor", så skal rette fargen koma.
Oversyn over språkfamiliar og fargar finst på mal:språkteppe. Dette peiker vidare til to malar som og inneheld synonym, sjølv om nokre sikkert manglar. Eg var ikkje heilt sikker på alle språknamna -- det hadde vore fint viss du eller andre kommenterer om det er noko som er feil eller manglar. -- Ranveig 6. april 2006 kl. 09:48 (UTC)

Länkar och multipla värden[endre wikiteksten]

Exemplet skriver "sil=NRN (nynorsk)<br/>NRR (bokmål)" men detta fungerar mycket dåligt med det faktum att mallen använder "sil" i en extern länk. --LA2 16:27, 9 november 2007 (CET)