Maldiskusjon:Merkedagar i dag

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dagen i dag - «Heidenske grupper»[endre wikiteksten]

Av og til - som i dag - dukkar det på framsida under «Dagen i dag» opp ei melding om at heidenske grupper feirar eitt eller anna, denne gongen halloween og samhain. Eit klikk på heidenskaplenkja gjev ikkje nærare opplysingar om kven desse heidenske gruppene er, og om det har meining i å gruppere dei slik at vi kan seie dei har felles merkedagar som dei feirar. Halloween-lenkja burde hatt innhald, og om ho hadde hatt det, ville det vel gått fram at det å feire halloween i seg sjølv ikkje er heidenskap. Eg har eit inntrykk av at heidningane står der fordi wikipedia skal vere tverrkulturell og vidtfamnande, men i mine augo verkar det berre dumt. - Knut 18:04, 31 oktober 2007 (CET)

Nasjonaldag[endre wikiteksten]

Skal me tru vår eigen, og engelsk wikipedia sin, artikkel om Bosnia-Hercegovina så er ikkje 1. mars nasjonaldagen der.--Barend 10:32, 1 mars 2008 (CET)

I følge regjeringen.no, rett nok frå 1, mars, så er han det. Lista på excite.co.uk ser ut til å oppklara -- bosniarane har nasjonaldag både i mars og november. --Ranveig 10:48, 1 mars 2008 (CET)

Kor kjem merkedagen Maghapuja, og informasjonen om han (som at han fell på 21. mars), frå?

Frå en:

"Magha Puja is an important religious festival celebrated by Thai Buddhists on the full moon day of the third lunar month (this usually falls in February)
It is a public holiday in Thailand - and is an occasion when Buddhists tend to go to the temple to perform merit-making activities."

Er det denne dagen det er snakk om? en: hadde ikkje omdirigering frå maghapuja eingong. Det ser ikkje ut til å vera ein stor dag, og når me ikkje har noko informasjon om dagen og feiringa, synest eg ikkje han bør liggja på framsida. Generelt synest eg ikkje me bør ha raude lenkjer i denne bolken, om det ikkje er fort gjort å skriva ein liten artikkel om deiut frå lett tilgjengelege kjelder. Namna på ukjende høgtidsdagar hjelper lite når folk ikkje kan finna informasjon om dei på Nynorsk Wikipedia. --Tannkrem 11:17, 21 mars 2008 (CET)

Den internasjonale Aids-dagen må leggast til! Martin NH 1. desember 2008 kl. 21:06 (CET)[svar]