Maldiskusjon:Velkommen/Velkommen frå den gamle hovudsida

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"Åt" eller "til"?[endre wikiteksten]

Hei. Eg lurte berre på om "til" kanskje passar betre på framsida enn "åt"? "Åt" er jo ein preposisjon som finst både på bokmål og i nynorsk og brukt i mange talemål på austlandet og vestlandet, men eg skulle tru at "til" er noko meir utbreidd totalt sett desse dagar. Det er vel ein god idé å halda framsida så nøytral og inkluderandes som mogleg.

(Dette byrjer mest å sjå ut som første innslag i diskusjonen om ordval og normalspråk! Den måtte vel komma før eller seinare. :P) BjarteSorensen 12:16, 13 Sep 2004 (UTC)

Tja... «åt» er no temmeleg mykje utbreidd i Sverige òg... ;-) Men «til» er absolutt greitt for meg! :-) -- Olve 13:26, 13 Sep 2004 (UTC)

Stor forbokstav[endre wikiteksten]

I stubbteksten står det "nynorsk-Wikipediaen". Det skrivast "Nynorsk-Wikipediaen" fordi andreleddet i ordet er eit eigennamn.

... nynorsk, eit oppslagsverk ...[endre wikiteksten]

Eg har endra

Velkommen til Wikipedia på nynorsk, eit oppslagsverk der alle kan vera med å skriva og redigera.

til

Velkommen til Nynorsk Wikipedia, eit oppslagsverk der alle kan vera med å skriva og redigera.

Det var to grunnar til å endre originalformuleringa etter mitt syn:

  1. Det såg ut som «, eit oppslagsverk ...» viste attende til «nynorsk» heller enn til «Wikipedia».
  2. Sidan vi har bestemt å profilere oss som «Nynorsk Wikipedia», er det lurt å bruke dette namnet i velkomsthelsinga òg.

Eg la lenkje til Nynorsk Wikipedia inn i ordet «nynorsk» og lenkje til Wikipedia i ordet «Wikipedia». Det kan gjerne vurderast om berre ei lenkje til Nynorsk Wikipedia bør stå i staden.

-- Olve 29. apr 2005 kl. 0326 (UTC)

:D Det er då vel klart at Nynorsk Wikipedia er på nynorsk??? "Nynorsk Wikipedia, no også på tysk!" Bjarte 29. apr 2005 kl. 0733 (UTC)
Det var nok berre ein klippe- og limefeil ovanfor :P Bjarte 29. apr 2005 kl. 0734 (UTC)

Framlegg til endring av "framside-overskrifta"[endre wikiteksten]

Eg tykkjer det er alt for mykje tekst på den øvste delen av framsida. Inspirert av Svensk Wikipedia har eg laga eit framlegg til ny framside-innleiing.

Poenget med endringa er som følgjer:

  • Enkel og lettfatteleg

Det var alt ;-) Med det som utgangspunkt inviterar eg alle kjende og ukjende wikipedantar til å kritisere, rose og endre framlegget mitt som dei ønskjer! / Kurtber|Ordskifte 22. okt. 2005 kl. 10:48 (UTC)


VELKOMMEN TIL NYNORSK WIKIPEDIA
- eit oppslagsverk der alle kan vera med på å skriva og redigera artiklane. -

Velkommen (Kort innføring) | Spørsmål og Svar (SoS)
Brukarportal | Samfunnshuset (ordskifte)


Kultur | Geografi | Matematikk | Naturvitskap | Helse | Humaniora | Samfunn | Teknologi

· 2. årgang (grunnlagt: 31. juli, 2004) ·   · Artiklar nett no: 169 295 ·   · Dagen i dag: torsdag, 18. april 2024 · 

(All informasjonen om Nynorsk Wikipedia, som tidlegare stod på framsida, er jo naturleg nok tilgjengeleg i artikkelen om Nynorsk Wikipedia... Det er ingen grunn til at det skal stå på framsida kvar gong folk loggar på.

Eg synest all teksten bør stå der sjølv om vi som har vore her lenge har sett den «tusen gongar». Det vert etter mitt syn litt for lite informasjon, sjølv om teksten viser til fleire info-sider. --EIRIK\diskusjon 22. okt. 2005 kl. 11:49 (UTC)
Eg er derimot for endringa, og har faktisk irritert meg over informasjonsflaumen og sett for meg løysingar tidlegar. For mykje tekst kan gjera at dei ulike detaljane slår kvarandre i hel for nye lesarar, medan røynde brukarar lett lærer seg å oversjå dei. Då er det betre med «nakne», lettsjåelege peikar til sider med meir informasjon. Dei gjer det lettare å finna kva informasjon ein måtte ønska.
Eg ville kanskje heller vald å leggja dei siste peikarane på ei line utan parentesforklaringar, slik:

Velkommen | Spørsmål og svar | Brukarportal | Samfunnshuset

Ranveig 22. okt. 2005 kl. 13:09 (UTC)
Eg trur det er heilt rett at nye brukarar vert litt overfalt av informasjon på framsida til nn.wiki (og mange andre wikiar) - Vi må hugse at det ikkje er hovudsakleg oss "røynde" brukarar framsida hovudsakleg er til for, den skal jo vere informativ for nye og uerfarne brukarar. Då er det viktig at den "essensielle" informasjonen lyser ut. / Kurtber|Ordskifte 22. okt. 2005 kl. 14:34 (UTC)
Skal det ikkje vere parantesforklaring meiner eg "Velkomen" heite "Kort innføring", for å gjere den meir openbar for nye brukarar... (Eg trykte aldri på Velkomen før etter at eg hadde nytta WP lenge, og det er synd, for det er ei kjempegod side!) Men eg tykkjer det ser best ut når linja er delt, altso ;-) / Kurtber|Ordskifte 22. okt. 2005 kl. 14:34 (UTC)
Einig, «Velkomen» er ikkje så veldig opplysande. Ei eller to liner er ikkje så veldig viktig for meg... -- Ranveig 23. okt. 2005 kl. 00:05 (UTC)

Forresten: 1. årgang? Kva tid går eigentleg første årgangen over til andre? Er ikkje det på eittårsdagen, tru? -- Ranveig 22. okt. 2005 kl. 13:11 (UTC)

Det vert på eittårsdagen, ja, so der lyt eg endre litt ;-) / Kurtber|Ordskifte 22. okt. 2005 kl. 14:34 (UTC)

Slik hovudsida ser ut no, er det massevis av kvitt tomrom og «null» innhald som møter den som opnar sida. Trur ikkje dét er noko godt signal. Å korte ned litt på innhaldet er greitt nok, men da lyt vi redusere plassen litt òg... Olve 22. okt. 2005 kl. 16:31 (UTC)
Slik det er no ser det fint ut. -- Ranveig 23. okt. 2005 kl. 00:05 (UTC)


Kremt, kremt. Historia ser ut som ei slagmark. Kva med ei Mal:Velkommen/Testside for vidare testing? --Eddi (Snakk) 30. okt. 2005 kl. 01:21 (UTC)

Hallo der, kremtande Eddi :-) Ja, ei testside er greie greier, ja. Det har vore litt frenetisk i det siste. Men det verkar no som ting stort sett er på veg til å stabilisere seg no — etter ein innkjøringsperiode med ein del diskusjon og mykje eksperimentering. (Famous last words, I know... ) Beste helsing frå Langøya i Junaiten -- Olve 30. okt. 2005 kl. 05:09 (UTC)

Om det skal stå "2. årgang" eller ikkje på framsida er ikkje nokon kampsak for meg, men når det vart fjerna vart heile Velkommen-malen skeiv... Det må i alle fall fiksast, og eg forstår ikkje heilt kvifor det vart slik, so eg klarar heller ikkje fikse det...

Til forsvar for årgangskommentaren; det er vel ikkje irrelevant for eit leksikon i utvikling? Tydinga av ordet er vel at wikipedia har "gått" i to år no? (Viser til Ordboka) Eg tykte "2. årgang" såg flott ut, eg :-) Og om ikkje det haustar stor motstand, so tykkjer eg det bør førast opp att / Kurtber|Ordskifte 26. okt. 2005 kl. 16:27 (UTC)

Eg sette oppatt "2. årgang" for å rette på at framsida vart skeiv. Om folk ikkje ønskjer at det skal stå årgang der, so må det gjerast på ein måte som held framsida "jamn" - Det er altso ikkje meininga å provosere  ;-) / Kurtber|Ordskifte 26. okt. 2005 kl. 16:37 (UTC)
Balanse er bra, er det mulig å få teksten oppe til høgre enda høgare opp? Roarjo 26. okt. 2005 kl. 16:47 (UTC)
Trur ikkje det... Eg fekk det i alle fall ikkje til (men det er langt frå nokon garanti! ;-)/ Kurtber|Ordskifte 26. okt. 2005 kl. 16:50 (UTC)
Argh! Jækla provokaKurt! ;-) Når du skriv at det blir skeivt så reknar eg med at du meiner at «Artiklar nett no:» blir plassert til venstre for teksten over? Dette kan fiksast sånn passe ved å endra «Dagen i dag:» til «Dato:» eller/og fjerna {{CURRENTDAY}} (informasjon som eg heller ikkje heilt skjønar poenget med). Årgang blir vel som regel bruka om tidsskrift og vin. For tidsskrifta sin del er dette god informasjon for bruk i referansar, det gjev ikkje særleg meining å referere til «Høgnorsk», Nynorsk Wikipedia 2. årgang sidan innhaldet vårt endrar seg (med ulik fart) heile tida. Difor er det jo også vanleg å bruka dato når ein refererer til vevsider. Så eg ser framleis ikkje noko særleg poeng med «årgang». --Guttorm 26. okt. 2005 kl. 18:59 (UTC)
- ProvokaKurt ;-) No fekk eg lyst til å registrere eit nytt brukarnamn! Men det får ligge.. Applaus til dei siste endringane på framsida! No ser den kjempeflott ut!
- Til Guttorm: Du har overtydd meg. Eg vil ikkje lenger ha nokon årgangar på framsida
- Framleis til Guttorm: Datoen vil eg kjempe hardt for! Det trur eg vil vere ein populær funksjon ved framsida her, nett som "Dagen i dag" på NRK-Tekst-TV (det vart faktsik starta underskriftsaksjon når dei prøvde å legge ned den sida fordi dei trudde ingen brukte den...) -- Og ja, eg veit at dato-artiklane er tilgjengeleg sjølv om vi ikkje klæsjar dei ut over framsida, men det er jo ein ganske bra måte å profilere "dagsaktuelt" innhald i Wikipedia (på lik line med "vekes-aktuelt" innhald i vekas artikkel). Mao: Eg synes eg tenkte godt når eg la inn "dagen i dag" på framsida :)
Det blir nok dessverre ingen stor kamp, i det minste ikkje med meg, argumenta dine er litt overtydande :-) For at ikkje-innlogga besøkande skal kunne sjå ein oppdatert dato må nokon kvar dag gjera at mellomlageret på tenarane blir oppdatert. Dette kan gjerast ved å trykke på ei lenkje slik som oppdater hovudsida som er på siste endringar eller ved å endre hovudsida, og for at det alltid skal vera rett så må det gjerast ved midnatt. Akkurat no er det ifylgje Hovudside for ikkje-innlogga brukarar onsdag 26. oktober. Som du sikkert forstår er det difor med den tekniske løysinga me har i dag problematisk å bruka slike variablar på sider som er hovudsakleg berekna på ikkje-innlogga brukarar. Er elles einig i at hovudsida er bra, sjølv kunne eg tenkt meg endå meir klypping (eventuelt forminska interwiki, veksla mellom dansk og svensk utvald artikkel kvar veke, mindre «Wikipedia i Norden og nærområda»). Burde det ikkje også vera komma mellom grannane våre? --Guttorm 27. okt. 2005 kl. 14:27 (UTC)
Komma mellom grannenamna fører til at ein bør helst ha «og» mellom dei to siste. Den korte versjonen utan komma (og evt. òg «og») er betre eigna for dei med verkeleg låg skjermoppløysing. Eg la opp den noverande utforminga slik at toppen av forsida skal sjå brukbar ut i alle oppløysingar heilt ned til ei skjermbreidd på 512 pikslar. Dette kan vera til hjelp for såvel folk med dårleg skjermkort som folk med synshemming. Trur ikkje det er så dumt å vera inklusiv på det viset på hovudsida vår... :) Elles vil eg oppfordre alle til å trykkje på lenkja «Oppdatér forsida» (som finst på sida Siste endringar) første gong dei redigerer på ny dato. -- Olve 27. okt. 2005 kl. 15:02 (UTC)
- Er ikkje oppgåva "oppdater hovudsida kl. 00:00 kvar einaste dag" ein flott jobb for ein bot? Til dømes kan Fagerbott oppdatere framsida, det tykkjer vel han er ein spennande jobb? (det er ein bot, ikkje sant?)
- Eg trur det går fint utan deling mellom grannane. Det er til ei viss grad vanleg i lenkjesamlingar på verdsveven å berre nytte mellomrom for å skille mellom lenkjer. Alternativt kunne vi sett det opp slik: bokmål|nordsamisk|svensk|dansk, men det kjem an på korleis det går med 512px-folka ;-). (Og, ja! Det er eit særs viktig prinsipp å vere solidarisk med brukarar som har t.d. synshemming! --eg vil derimot vere litt kritisk til alt for stor tilpassing til folk som ønskjer å bruke tekstbaserte nettlesarar (les: Lynx) og Commodore64...) / Kurtber|Ordskifte 28. okt. 2005 kl. 09:10 (UTC)


-PS: Guttorm sa noko flott her, som eg ikkje fekk kommentert! Veksling mellom dansk og svensk utvald artikkel trur eg er bra. - (Kanskje mellom svensk, dansk og bokmål? Eller bryt det med samarbeidsprinsippa våre?) Eg ønskjer rett og slett å ha mindre -men langt meir oversikltleg- informasjon på framsida. Det skal vere kjempelett å finne fram i den enorme databasen vår, men eg tykkjer ikkje at det skal vere for mykje av den på framsida... Framsida bør vere so kjapp og aktuell som mogeleg, meinar eg.
- Den danske Forside meinar eg vi kan lære ein del av, sjølv om eg ikkje tykkjer den er objekt for blind saksing... Men dei har nokre løysingar der som har gjort framsida meir kompakt, men likevel langt i frå tom! (og det trur eg er ein fordel.. Vi må leie merksemda til brukarane dit "vi vil ha dei" - slik som t.d. med vekas artikkel)
- "Wikipedia i Norden og nærområda" ligg nedst på sida og er ikkje i vegen for særleg mykje, tykkjer eg. Eg likar den oversikta veldig godt, fordi den på eit veldig flott vis skildrar kor stort og utbreidd wikipedia-konseptet er.
- Det vere sagt, so høyrer vel det her innlegget til på Diskusjon:Hovudside.../ Kurtber|Ordskifte 28. okt. 2005 kl. 09:29 (UTC)
Kva med å ha mindre skrift i gjesteartiklane frå bokmål, svensk og dansk? Same innhald, like godt naboskap, men mindre plassbruk på det som ikkje direkte vedkjem Nynorsk Wikipedia. :-) ? Olve 28. okt. 2005 kl. 18:43 (UTC)

Eg er ny brukar på nn.wikipedia men reagerer på at dagen i dag er feil på framsida!?

Du kan sjølv fikse det ved å trykkje på «oppdatér hovudsida» på Siste endringar. Det er slik fordi det desverre må gjerast manuelt og ingen hadde gjort det denne dagen, men no er det fiksa. --EIRIK\diskusjon 9. april 2006 kl. 11:48 (UTC)