Maldonado-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°26′56.6″S 59°44′29″W
Maldonado-basen
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Greenwich Island i Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°26′56.6″S 59°44′29″W
Administrert under Antarktistraktaten
Maldonado-basen is located in Antarktis
Maldonado-basen (Antarktis)

Maldonado-basen, òg kalla Pedro Vicente Maldonado-basen, er ein ecuadorsk forskingsbase i Antarktis som ligg ved Guayaquil BayGreenwich Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis og som opna i 1990. Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar som opererte frå nærliggande Clothier Harbour.

Basen er kalla opp etter den spansk-amerikanske astronom, topografen og geografen Pedro Vicente Maldonado (1704–1748) som var fødd i Riobamba, i dagens Ecuador.

Basen ligg 560 m sør-sørvest for Orión Point, 990 m sørvest for Spark Point, 1,16 km nord-nordvest for Serrano Point og 2,56 km aust-søraust for Agüedo Point.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]