Malena Ernman
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malena Ernman, eigentleg Sara Magdalena, (fødd 4. november 1970 i Uppsala) er ein svensk operasongar (mezzosopran).
Malena Ernman er utdanna ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, musikkonservatoriet i Orléans og ved Operahögskolan i Stockholm.
Ernman har mellom anna sunge hovudrolla i Carmen og Figaros bryllup og Rosina i Barberen i Sevilla. Ho er ein allsidig artist som i tillegg til operaroller òg syng chansonar, kabaret, jazz og musikalar.
Malena Ernman er i dag ein av av dei mest internasjonalt ettertrakta songarane i Sverige.[treng kjelde] Ho er gift med skodespelaren Svante Thunberg.
Ernman representerte Sverige i Eurovision Song Contest 2009 etter å ha vunne den svenske Melodifestivalen 2009.
Deltaking[endre]
- 2009: Melodifestivalen 2009 (vinnar)
- 2009: Eurovision Song Contest 2009 (21. plass)