Maliriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mali-riket rundt 1350.

Mali-riket var eit muslimsk mandinkarike som dekte store delar av Vest-Afrika frå 1200- til 1500-talet.

Riket utvikla seg frå malinkestaten Kangaba ved øvre Nigerelva, som skal ha vore grunnlagd før år 1000. Denne staten voks seg rik på gullhandel frå det seine Ghanariket.

Sundiata Keita grunnla riket rundt 1230, då han leia eit opprør mot sossohovdingen Sumanguru. Etterfølgarane hans utvida riket gjennom erobringar av store landområde. Riket var på sitt største under mansa Musa (1307–ca. 1332). Han utvida riket til hausaområde i aust og Takrur, fulani- og tukulorland i vest. Mansa Musa tok kontroll over handelsbyane Timbuktu og Gao, der han etter ei hadj-reise i 1324 grunnla muslimske senter.

På 1400-talet såg Maliriket oppprør og nedgang. Dette blei innleia av eit opprør i Gao rundt 1400, følgd av fleire opprør frå underlagte folkegrupper, som wolofar og mossiar, i løpet av hundreåret. Tuaregar tok over Walata og Timbuktu i 1431. Rundt 1550 hadde riket mist den politiske eininga og tyngda si. Det blei i stor grad erstatta av Songhairiket.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Den kortlivde Maliføderasjonen og moderne Mali fekk namna sine frå Mali-riket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]