Malmö FF

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malmö FFs fyrste seriemeistrar, 1944

Malmö Fotbollförening, til dagleg Malmö FF, er ein fotballklubb frå Malmö i Sverige, stifta 24. februar 1910. Klubben har vunne Allsvenskan seksten gongar, og den svenske fotballcupen fjorten gongar. Ingen annan klubb har så mange svenske meisterskapstitlar. Malmö FF vann også Allsvenskan tre gongar i perioden då laget som vann sluttspelet vart kåra til seriemeistrar.

Malmö FF spela i 1979 finale i Europacupen, der det vart tap 0–1 mot den engelske klubben Nottingham Forest. For den prestasjonen vart klubben tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje for 1979. Malmö FF er den einaste svenske klubben som har nådd finalen i turneringa.

Klubben debuterte i Allsvenskan sesongen 1931/32 og vart seriemeistrar fyrste gongen i 1944. I 2013 vann Malmö FF Allsvenskan for syttende og hittil siste gong. Klubben hadde si stordomstid på 1970-talet; med fem seriemeisterskap og fire cup-titlar. Og med Europacup-finale attåt. Malmö FF spelar heimekampane på Swedbank Stadion, ein tribune med plass til 24 000 tilskodarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]