Malovitsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Malovitsa
Malovitsa om sommaren
Malovitsa om sommaren
Høgd over havet 2 729 m
Ligg i/på Bulgaria
Fjellkjede Rila
Malovitsa om vinteren

Malovitsa (bulgarsk Мальовица) er ein fjelltopp i nordvestlege delar av Rilafjella sørvest i Bulgaria. Han er 2 729 meter høg og eit av dei mest populære turistområda i fjellområdet. Rila kloster ligg ved foten av sørsida av fjellet, og Malovitsa skisenter, med to skitrekk, ligg i nord.

Malovitsaregionen er sjølve sentrumet for fjellklatring i Bulgaria. Dei første organiserte ekspedisjonane vart gjort i 1921-22 av turistar frå landsbyen Samokov. Nordsida av fjellet vart først klatra i 1938 av Konstantin Savadzjiev og Georgi Stoimenov. Dette var den største bragden til bulgarske klatrarar på den tida, og vert rekna som starten på den bulgarske fjellklatringa. Seinare vart andre fjellveggar i området òg klatra, og dei aller vansklegaste vart først klatra på 1970-talet. Etter 1990 har ikkje fjellklatring i Bulgaria vore like populært som tidlegare, sjølv om det er fleire vanskelege granittveggar i området.