Malstraumgalaksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hubble-bilete av Malstraumgalaksen (venstre) og den mindre kompajongen NGC 5195 (høgre).

Malstraumgalaksen (katalogisert M51 og NGC 5194) er ein vekselverkande spiralgalakse i stjernebiletet Jakthundane. Observasjonar av supernova SN 2005cs i Malstraumgalaksen i år 2005 har gjeve eit avstandsestimat på 23,4 millionar lysår.[1] Eldre estimat har gjeve avstandar på 31 og 37 millionar lysår.[2][3]

Malstraumgalaksen har ein mindre kompajonggalakse, NGC 5195, som har sett i gang stjernedanning i den større galaksen grunna gravitasjonspåverknaden han har.[4]

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Malstraumgalaksen blei oppdaga i oktober i 1773 av Charles Messier medan han observerte ein svak komet.[3] Spiralstrukturen til galaksen blei først oppdaga av Lord Rosse i 1845, og galaksen blir av og til refert til som Rosse sin galakse.[5] Kompanjonggalaksen blei oppdaga i 1781 av Pierre Méchain.[3]

Malstraumgalaksen kan lett sjåast gjennom mindre teleskop.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Takáts, K.; Vinkó, J. (2006) «Distance estimate and progenitor characteristics of SN 2005cs in M51» – Monthly Notices of the Royal Astronomical Society, Online Early, bind 372, s. 1735.
  2. «Fast Facts» - Korte fakta om galaksen på NASA si Hubble-heimesida.
  3. 3,0 3,1 3,2 «First Peek at Spitzer's Legacy: Mysterious Whirlpool Galaxy» - Spitzer-pressemelding i samband med teleskopet sitt bilete av Malstraumgalaksen.
  4. 4,0 4,1 «Hubble Reveals the Heart of the Whirlpool Galaxy» - Hubble-pressemelding i samband med teleskopet sitt bilete av Malstraumgalaksen.
  5. «Messier 51» - Informasjon om Malstraumglaksen på www.seds.org.