Malta i Junior Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malta

Offisielt Malta

Public Broadcasting Services Limited
Uttakingar
Nasjonalt 16
Internt 2
Deltaking
Debutår 2003
Deltakingar 18
Beste resultat
Finalen 1 (2013 og 2015)
Verste resultat
Finalen Sist (2005, 2019 og 2022)
Poeng
Totalt 1 542

Malta debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København, Danmark, med songen «Like A Star», framført på engelsk av Sarah Harrison. Landet har delteke elleve gongar; i perioden 2003 til 2010 og frå 2013, etter at Malta i 2011 valde å ta ein pause frå tevlinga. Bidraga vert valde gjennom ei nasjonal finale, arrangerte av den maltesiske kringkastaren Public Broadcasting Services Limited. I 2013 og 2014 vart bidraga valde internt av den maltesiske kringkastaren.

Malta har vunne Junior Eurovision Song Contest to gongar. Fyrste gongen dei vann var i 2013, med songen «The Start», framført på engelsk av Gaia Cauchi. To år seinare, i 2015, vann dei med songen «Not My Soul», framført på engelsk av Destiny Chukunyere. Ho fekk den høgaste poengsummen i historia til tevlinga, med 185 poeng.

Malta har arrangert tevlinga to gongar. Fyrste gongen var i 2014 og vart arrangert i Malta Shipbuilding i Marsa. 16 land deltok det året. I 2016 vart tevlinga arrangert i Mediterranean Conference Centre i Valletta. 17 land deltok det året.

Bidraga i Junior Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Poeng Plass
2003 Sarah Harrison «Like a Star» Engelsk 56 7
2004 Young Talent Team «Power Of a Song» Engelsk 14 12
2005 Thea & Friends «Make It Right» Engelsk 18 16
2006 Sophie Debattista «Extra Cute» Engelsk 48 11
2007 Cute «Music» Engelsk 37 12
2008 Daniel Testa «Junior Swing» Engelsk 100 4
2009 Francesca Sciberras og Mikaela Bajjada «Double Trouble» Engelsk 55 8
2010 Nicole Azzopardi «Knock Knock!....Boom! Boom!» Engelsk og maltesisk 35 13
2013 Gaia Cauchi «The Start» Engelsk 130 1
2014 Federica Falzon «Diamonds» Engelsk 116 4
2015 Destiny Chukunyere «Not My Soul» Engelsk 185 1
2016 Christina Magrin «Parachute» Engelsk 191 6
2017 Gianluca Cilia «Dawra Tond» Engelsk og maltesisk 107 9
2018 Ela Mangion «Marchin' On» Engelsk 181 5
2019 Eliana Gomez Blanco «We Are More» Engelsk og maltesisk 29 19
2020 Chanel Monseigneur «Chasing Sunsets» Engelsk 100 8
2021 Ike og Kaya «My Home» Engelsk 97 12
2022 Gaia Gambuzza «Diamonds in the Skies» Engelsk 43 16

Røystehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Malta har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Kviterussland 109
2 Armenia 81
Georgia
4 Nederland 71
5 Russland 60

Malta har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Kviterussland 81
2 Nederland 75
3 Georgia 74
4 Ukraina 69
5 Nord-Makedonia 68

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Vertskap[endre | endre wikiteksten]

År Stad Arena Programleiarar
2014 Marsa Malta Shipbuilding Moira Delia
2016 Valletta Mediterranean Conference Centre Ben Camille og Valerie Vella

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]