Maltesarkross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raud maltesarkross på kvit botn.

Ein maltesarkross eller johannittarkross er ei krossform som er danna av fire trianglar med spissane mot kvarandre og splitta endar.[1] Maltesarkrossen var symbolet til maltesarordenen som vart skipa i Jerusalem på 1000-talet, og kan ha vore inspirasjonen bak Dannebrog.[2] I dag vert maltesarkrossen også brukt i flagget til Georgia,[3] som ordensteikn for St. Olavs orden,[4], i den belgiske ordenen Croix de guerre,[5] i Haakon VII Fridomskross og i den estiske Ørnekrossordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]