Maltesisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Malta
Map of Malta 2.png
Malta-CIA WFB Map.png

Malta er ei øygruppe av kalkstein i Middelhavet, om lag 93 km sør for Sicilia i Italia, og om lag 300 km nord for Afrika. Berre dei tre største øyane er busett, øya Malta, Gozo og Comino. Av andre øyar finn ein Cominotto, Filfla og St. Paulus-øya. Landet dekkjer eit areal på om lag 316 km². Fleire bukter ligg langs kysten på øyane og fungerer som gode naturlege hamne. Landskapet er kjenneteikna av låge åsar og sletter i fleire nivå. Det høgaste punktet er Ta' Dmejrek på 253 meter over havet på øya Malta. Hovudstaden Valletta, ligg òg på denne øya.

Geografiske koordinatar: 35°50′N 14°35′EKoordinatar: 35°50′N 14°35′E

Klima[endre | endre wikiteksten]

Malta har eit middelhavsklima (Köppen si klimaklassifisering Csa), med milde, regnfulle vintrar og varme, tørre somrar. Plantene går aldri i dvale, sjølv om planteveksten kan stoppe opp i kort periodar under unormalt kalde vintrar og tørre, varme somrar kan få plantene til å visne. Det er i røynda berre to årstider på øyane og dei er derfor populære turistmål i dei tørre månadane. Kraftig vind om våren kan derimot kjennast kald ut på Malta.

Vassforsyningane er eit problem på Malta sidan sommaren både er utan regn og den tida på året med størst vassforbruk. Regnet om vinteren kjem ofte i form av kraftige regnbyger der vatnet renn rett ut i havet og ikkje samlar seg opp på overflata. Malta er avhengig av grunnvatn for å få ferskvatn.

I january 2007 valde International Living Malta som det landet med best klima i heile verda.[1]

Den lågaste temperaturen nokon gong vart registert i januar 1905 med 1,1 °C. Den høgaste temperaturen nokon gong er på 43,8 °C i august 1999. Snø er så godt som ukjend på Malta, men det vart registrert snøflak i lufta i februar 1895, januar 1905 og mars 1949.

Areal og grenser[endre | endre wikiteksten]

Areal:
totalt: 316 km²
land: 316 km²
vatn: 0 km²

Landegrenser: 0 km

Kystlinje: 140 km

Maritime krav:
tilstøtande sone: 24 nautiske mil (44 km)
kontinentalsokkel: 200 m djup eller til djup som kan utnyttast
økonomsisk sone: 25 nautiske mil (46 km)
territorialfarvatn: 12 nautiske mil (22 km)

Naturressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar : Kalkstein, salt, dyrkbar mark

Arealbruk:
dyrkbar mark: 38 %
permanente avlingar: 3 %
permanente enger: 0 %
skogområde: 0 %
anna: 59 % (1993 est.)

Irrigert land: 10 km² (1993 est.)

Naturfarar: Ingen

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Miljøproblem:

  • Særs avgrensa naturlege ferskvassressursar.
  • Aukande tillit til avsalting
  • Uregulert jakt på trekkfuglar

Miljøvernsavtalar:
delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, havrett, marin dumping, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, våtmarksområde.
signert, men ikkje ratifisert: Biologisk mangfald, Kyotoavtalen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]