Malung-Sälens kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Malung-Sälens kommun
Malung vapen.svg
Kommunevåpenet til Malung-Sälens kommun
Len Dalarnas län
Landskap Dalarna
Centralort Malung
Areal 4 339,31 km²
 – Landareal 4 105,77 km²
 – Vassareal 233,54 km²
Folketal 10 428
Folketettleik 2,54/km²
Kommunenummer 2023
Nettside www.malung-salen.se
Kart
Malung-Sälen Municipality in Dalarna County.png

Malung-Sälens kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til tre andre kommunar i Dalarnas län, Älvdalens kommun i nord og nordaust, Mora kommun i aust og Vansbro kommun i søraust. I sør grensar han òg til Filipstads kommun og Hagfors kommun i sør, og til Torsby kommun i vest, alle tre i Värmlands län. I tillegg har kommunen ei grense til Noreg, nærare bestemt til Trysil kommune i nordvest. Administrasjonssenteret i Malung-Sälens kommun er Malung.

Skinnproduksjon har gamle anar i kommunen og dominerte næringslivet heilt fram til byrjinga av 1980-talet. I dag er verkstadindustri og turisme, mellom anna i Sälen, viktige næringar.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Dei tre kommunane Lima, Malung og Transtrand vart ikkje påverka av den fyrste landsomfattande kommunereforma i 1952, men heldt fram som eigne kommunar til den andre kommunereforma i 1971. Då vart dei slått saman til Malungs kommun. Administrasjonssenteret Malung var municipalsamhälle frå 1931 til 1957 som ein del av Malungs kommun.

1. mars 2007 avgjorde den svenske regjeringa at kommunen skulle få byte namn til Malung-Sälens kommun frå og med 1. januar 2008.[1] Dette er unik og gjer han til den einaste kommunen i Sverige som har to stadnamn i kommunenamnet.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På blå bakgrunn, ein hestesko, og ovanfor ein ståande klohammar, begge i gull.[2]

Alle dei tre einingane som vart slått saman i 1971 hadde allereie eigne heraldiske våpen. Malung sitt hadde vorte fastsett i 1947 og byggjer på tingslagsseglet frå 1600-talet. Lima og Transtrand var også med i tingslaget, så det var naturleg å registrere det for den nye kommunen. Dette vart gjort i 1975. Hesteskoen og klohammaren har seinare endra farge frå gull til sølv.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er ni tettstader i Malung-Sälens kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Malung 5 146
2 Malungsfors 559
3 Sälen 508
4 Limedsforsen 443
5 Lima 418
6 Transtrand 373
7 Yttermalung 216
8 Rörbäcksnäs 202
8 Öje 202

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Malungs kommun blir Malung-Sälens kommun» – pressemelding frå det svenske finansdepartementet, 1. mars 2007
  2. «I blått fält en hästsko och däröver en bjälkvis ställd klohammare, båda av guld.».